Galleri Berge & Herøy kystlag
Mindor Myrhol (høgre), Gunnar Myrhol (bak) og Dankert Bostad (venstre) i oktober 1945.
Mindor og Gunnar Myrhol
Etter ankomst til Buckie med Nordkyn var Mindor ei stund saman med Johan Vike på Sandvikhorn, men gjekk inn i handelsflåten 19. august 1940. Han var først D/S Tautra som både gjekk turar over Atlanteren til Nova Scotia og i lastefrakt langs kysten av dei britiske øyane. Frå november 1940 var stort sett alle turane i konvoi.
Sommaren 1941 gjekk han ombord på tankskipet Maridal. Det neste året gjekk båten først nokre turar over Atlanteren, før den vart sett inn i tankfarten i fjerne austen. Båten var både innom Australia, Bahrain, Colombo og Bombay. I denne perioden vart Mindor sjuk, og hamna på sjukehus i Bombay i august 1942. I oktober mønstra han på M/S Norbryn. Denne gjekk via Sri Lanka, Cape Town, Trinidad til New York før den kryssa Atlanteren til Liverpool.
I mars 1943 gjekk Mindor om bord på tankskipet Stiklestad. Skipet gjekk først nokre turar i konvoi over Atlanteren, før det vart sett inn i frakt til allierte styrka på Ny Guinea. Hausten 1944 vart Mindor igjen sjuk og måtte på sjukehus i Amerika. Resten av krigen var han i New York. Mindor kom attende til Herøy i august 1945, gifta seg i 1947 med Jenny Marie Normann og busette seg på Myklebust.
Då krigen braut ut i april 1940 var to av brødrene til Mindor, Gunnar og Norvald Myrhol, del av den norske handelsflåten. Norvald seilte heile krigstida på norske lastebåtar. Det meste av tida i konvoifart over Atlanteren, men også på turar både til Sør Amerika, Middelhavet, Afrika og fjerne Østen. Norvald mønstra av i 1946 og busette seg seinare i Amerika.
Gunnar Myrhol deltok også første delen av krigen i konvoifarten over Atlanteren, men verva seg til Den norske marine i i januar 1941. Etter eit opphald på opplæringsbasen Skegness, kom han i teneste på destroyeren “St. Albans”. Seinare også på destroyeren “Glaisdale”. Begge båtane gjorde konvoiteneste, både i Atlanteren og i Den Engelske kanalen. Frå sommaren 1943 var Gunnar på patruljebåten “Narvik” og gjorde teneste både i Middelhavet og ved invasjonen i Afrika.
I januar 1944 vart Gunnar henta til Sjøforsvaret sin Overkommando i Edinburgh og arbeidde der resten av krigen. Han kom heim til Herøy i 1945.
(Informasjon om Dankert Bostad er ført i samband med opplysingar om Merkur.)