Galleri Berge & Herøy kystlag

Erling Igesund og Ruth Ludvigsdotter Hjelmeseth i august 1945. Dei gifta seg i 1948.

Erling Igesund (1917 - 1984)

Erling Igesund var med på krigshandlingane i Gudbrandsdalen i april 1940. Han kom attende til Herøy, men reiste alt 6. juni med Nordkyn. Den første tida etter ankomst til Shetland var Erling ei periode om bord i Vestern saman med Hans Feie.

I mars 1941 gjekk han inn i marinen og etter opplæring på basen i Rosyth. Etter opplæring fekk han teneste på ubåten B-1. Dette var den einaste av dei 6 norske ubåtane som våren 1940 kom seg unna dei tyske styrkane. Den rømte frå Narvik til Rosyth 18. juni 1940. Erling mønstra på B-1 som motormann i januar 1942. Båten vart brukt til opplæring av ubåtmannskap og til trening av overflateskip i søk etter fiendlege ubåtar.

I april 1944 gjekk han ombord i ubåten Ula og var der til krigen var over. Ula var ein av tre norske ubåtane, og opererte saman med ubåtar med britiske, nederlandske, polske og franske mannskap. Ula gjorde ein stor innsats på alliert side og gjennomførte 14 angrep. I tillegg til operasjonar får å sette i land agentar eller utstyr. Ubåten vert også sagt å vere den som senka flest fiendtlege skip i Europa og skal ha klart seg gjennom eit angrep der det vart slept 114 synkeminer i forsøket på å senke ubåten.

Siste delen av krigen skal Erling også ha vore ein stunde på ubåten Utsira. Han vart dimittert i februar 1946 og kom då heim til Herøy.

Han gifta seg i 1948 med Ruth Ludvigsdotter Hjelmeseth og dei bygde seinare hus på Hjelmeseth.