Galleri Berge & Herøy Kystlag

Mot vest for å kjempe

Statensbåten Nordkyn

6. juni 1940

Norge kapitulerte for den tyske okkupasjonsmakta 10. juni 1940. Men alt før dette hendte hadde norske ungdommar starta planlegging og arbeid for å reise vestover for å kjempe mot dei tyske styrkane. Eit viktig moment var å skaffe seg båt og utstyr som kunne klare turen over Nordsjøen. Kvar gruppe måtte ha med seg minst ein person som kunne handtere båtmotoren og nokon som kunne tilstrekkeleg navigering til å finne kursen til Shetland eller Skottland.

Dei fleste båtane vart tatt ulovleg utan eigaren si godkjenning. Ungdommane som reiste over melde seg til tenester i ulike samanhengar. Båtane vartstort sett tatt over av britiske styresmakter og sett inn i ymse frakt- og transportoppdrag. Nokre få vart brukt til oppdrag attende til norskekysten.

Nordkyn ligg for anker på Klungsøyr hamn i Tjørvåg. Bilete er frå april 1933.

Statensbåten Nordkyn

Fyrvesenet hadde i perioder fleire båtar liggande i Tjørvåg, i nærleiken av verftet til Rikard Klungsøyr. Ein av desse båtane var Nordkyn. Denne båten hadde ein gjeng med karar frå Herøy sett seg ut som eit alternativ for å kome seg ut til krigsinnsats. Monrad Paulsen hadde kystskippereksamen og skulle føre skuta. Planen var i utgangspunktet ikkje å reise til Shetland, men å gå nordover til Nord-Norge. I tillegg til gruppa på 12 frå Herøy tok dei også ombord 3 britiske soldatar ved Skorpa.

Etter avreise vart det oppdaga at dei grunna ein feil mangla tilstrekkeleg vatn til turen nordover. Det vart difor bestemt å gå til Shetland.

Dei 12 karane frå Herøy var: Paul Paulsen Bendal, Erling Igesund, Kåre Johannessen, Alf Myklebust, Mindor Myrhol, Monrad Paulsen, Joakim Pedersen, Haldor Pettersen, Herlaug Solem, Lorentz Sundalskleiv, Bjarne Sørdal og Edvard Vike.