Galleri Berge & Herøy Kystlag

Båtskyss til Shetland?

M 156 HØ, Breisund (M 33 A)

26. mai 1940

I mai 1940 var det ein del britiske og norske soldatar frå kampane på austlandet som kom til vestkysten av Norge, med von om å finne seg båtskyss over til England. Lokale fiskebåtar var eit godt alternativ, og frå mange av kystkommunane gjekk det snart båtar over til England og Shetland. Saman med soldatane reiste og ein del andre norske ungdomar som ville ut i teneste.

Felles for dei fleste av desse båtane var at mannskapet hadde tenkt å returnere til Norge. Men slik vart det ikkje. Dei britiske styresmaktene ville ikkje la båtane returnere, og mannskapa vart verande ute til etter krigen.

Breisund (M 156 HØ) fotografert i januar 1929.

Breisund (M 156 HØ)

Båten var kjøpt nybygd i 1917 av Antoni K. Vike, Karl Røren og Karl Frantsen. Etter ei tid vart Antoni K. Vike eineeigar. I 1939 selde han båten til Johs. Johansen i Ålesund. Den fekk ny registrering som M 33 A.

26. mai 1940 gjekk den frå Ålesund med 6 nordmenn og 5 britiske soldatar. To dagar seinare forliste båten utanfor Haroldswick på Shetland. Både passasjerane og mannskapet vart redda, men båten gjekk tapt. Det er uklart om båten gjekk vestover etter avtale med eigaren, eller om den vart tatt ulovleg. Fleire stadar vert det omtalt at det vart gjort to forsøk på å kome seg i veg ved båten. Dette kan tyde på at der var ei viss forståing frå eigaren si side i høve avreisa.

Nordmennene om bord var Henrik Fjærhaug, Odd Hansen, Johannes Johnsen, Alf Knutsen, Birger Trøen and Olav Aarsæther.