Galleri Berge & Herøy kystlag

Arthur og Hans Håvik saman med Arne Normann Korneliussen. Bilete må vere tatt i Skottland.

Arthur og Hans Petter Håvik

Vågsfjord vart tatt over av den britiske marinen allereie 15. juni og mannskapet tok båten til Buckie i Skottland. Medan dei andre gjekk til anna teneste, held Arthur fram med å føre Vågsfjord i ulike oppdrag for den engelske marinen. M.a. som vakt- og patruljebåt på Orkenøyane.

Hans Petter mønstra først på bergensbåten Gneist. Deretter var han ombord i Sjøgutten saman med Peder G. Remøy.

Delar av våren 1942 var både Arthur og Hans med å bygde opp den norske slipp og mekaniske verkstad i Buckie.

Sommaren 1942 verva begge brødrene seg til den norske marinen, og fekk opplæring som kanonørar. Etter dette var dei saman gjennom resten av krigen, som skyttarar på ulike båtar. Mesteparten av tida gjekk dei i konvoifart over Atlanteren mellom Vest-India, Canada og England.

Arthur og Hans Petter kom saman heim til Herøy i august 1945.