Galleri Berge & Herøy kystlag

Arne Normann Korneliussen i marineuniform. Bilete må vere tatt medan han var på minesveiper i Skottland.

Arne Normann Korneliussen

Arne Normann var født 9. juli 1921 som eldste sonen til Emma Benjamine og Kornelius Elias Pedersen. Kornelius var fiskar, maskinist og medeigar i fleire båtar frå Eggesbønes og Arne gjekk i faren sine fotspor. Han hadde arbeid på sildoljefabrikken og som fiskar.

Då brødrene Håvik tok på seg å frakte ei gruppe nordmenn og 12 engelske soldatar vestover med Vågsfjord i slutten av mai 1940 fekk dei med seg Arne Normann som mannskap på turen. Retur vart uaktuelt, og Vågsfjord vart tatt over av den britiske marinen allereie 15. juni. Utan at dette er heilt sikkert tyder mykje at Arne Normann etter dette kom ombord i dampskipet Borgund som fyrbøter og var der utover hausten 1940. Men han har mønstra av båten rundt årskiftet. D/S Borgund forsvinn på ein tur frå Reykavik til Skottland i mars 1941. Mest truleg senka av tyske bombefly.

På dette tidspunktet hadde Arne Normann verva seg i Den norske marinen som utskreven maskinmann. I fylgje krigsseglarregisteret mønstrar han på oppsyns- og kystvaktskipet Nordkapp 26. januar. Der er han i nesten eit år, fram til 20. desember 1942. Heile denne tida var Nordkapp stasjonert på Island og utførte patruljeteneste i farvatnet mellom Island og Skottland.

Berre ei veke seinare, 29. desember mønstrar Arne Normann på minesveiparen M/S Børtind. Båten tilhøyrde Den norske Marine sin minesveipardivisjon med base i Dundee i Skottland. Mannskapa ser ut til å ha veksla litt mellom båtane, og det er difor mogleg at Arne Normann var ombord på fleire av båtane i divisjonen enn det som står oppført i registeret. Divisjonen utførte oppdrag langs det meste av austkysten av Skottland.

10. mars 1945 var Arne Normann ombord på minesveiparen Nordhav II. Den gjekk om morgonen frå East Wharf, Dundee saman med minesveiparen Syrian for å gjere eit sveip langs austkysten. I fylgje vitneerklæringa som nestkommanderande på Nordhav II gav 11. mars 1945, vart båten utan forvarsel treft av ein torpedo omlag midtskips litt bak masta. Eksplosjonen var så sterk at både fartøysjefen, rormann og utkikker truleg vart slengt på sjøen. Nordhav II sank i løpet av 2 minutt. Mannskap hoppa på sjøen og vart plukka opp av Syrian.

Nestkommanderande skriv vidare at Arne Normann var forut i fyrbøterlugaren då torpedoen traff båten. Han kom seg ikkje ut og gjekk ned saman med fartøyet.

Av mannskapet på Nordhav II var det 5 mann som omkom, medan 17 mann vart redda ombord i Syrian og kom attende til basen i Dundee.

Frå tyske register veit ein at det var den tyske ubåten registrert som U-714 under kommando av kapteinløytnant Hans-Joachim Schwebcke som fyrte av torpedoen mot Nordhav II. Berre fire dagar seinare, 14. mars 1945, angrep ubåten ein konvoi på veg sørover langs austkysten av Skottland. I dette angrepet vart U-714 senka av fregatten HMSAS Natal og den britiske destroyeren HMS Wivern. Heile det tyske mannskapet på 50 mann gjekk ned med båten.