Galleri Berge & Herøy Kystlag

Båtskyss til Shetland

Vågsfjord, M 28 VA

29. mai 1940

I mai 1940 var det ein del britiske og norske soldatar frå kampane på austlandet som kom til vestkysten av Norge, med von om å finne seg båtskyss over til England. Lokale fiskebåtar var eit godt alternativ, og frå mange av kystkommunane gjekk det snart båtar over til England og Shetland. Saman med soldatane reiste og ein del andre norske ungdomar som ville ut i teneste.

Felles for dei fleste av desse båtane var at mannskapet hadde tenkt å returnere til Norge. Men slik vart det ikkje. Dei britiske styresmaktene ville ikkje la båtane returnere, og mannskapa vart verande ute til etter krigen.

Arthur Håvik, Arne Normann Korneliussen og Hans Håvik. Ukjent opphav, men truleg tatt i Skottland under krigen.

Vågsfjord (M 28 VA)

I 1939 kjøpte brødrene Arthur og Hans Håvik fiskebåten Vågsfjord (M 28 VA) i Volda og tok den med til Eggesbønes. I slutten av mai 1940 vart dei kontakta av folk som trengde hjelp til å få ei gruppe med engelske soldatar over Nordsjøen. I tillegg var det også nokre nordmenn som ville reise vestover.

Brødrene Håvik fekk med seg 19 år gamle Arne Normann Kristoffersen som mannskap. Nils Eilertsen som hadde navigasjonsutdanning vart også med på turen.

Vågsfjord gjekk frå Herøy om kvelden 29. mai 1940. Det er litt ulike oppføringar i kjeldene, men mest truleg var det til slutt 11 britiske soldatar og 9 nordmenn ombord då båten sette kursen vestover.

Dei andre 5 nordmennene om bord var Ivar Gjørven (Ålesund), Kåre Gutfeldt (Oslo), Alf Solbu (Ålesund), Ole H. Velsvik (Volda) og Sigurd H. Velsvik (Volda).

Nils Eilertsen og brødrene Velsvik gjekk inn i handelsflåten og seilte ute heile krigen. Nils deltok både i konvoifart og seinare i troppetransport under invasjonen i Italia og i Normandie.

Alf Solbu gjekk inn i den norske brigade og var mellom kommandosoldatane som tok del i angrepet på Walcheren i november 1944, og falt under kampane der 4. november 1944.

Vågfjord vart brukt i frakt på Orkenøyane og gjekk seinare tapt ved Island.