Galleri Berge & Herøy kystlag
Bilete er frå hausten 1945. Dei tre søskenbarna Bjarne Sørdal (venstre), Jon Igesund (høgre) og Martin Feie (bak).
Jon Igesund og Bjarne Sørdal
Jon Igesund var med som mannskap på Vestern. Då båten ikkje fekk returnere frå Shetland, vart Jon verande saman med Hans Feie på båten. Dei dreiv ei tid fiske frå Buckie i Skottland.
I løpet av juni kom også Bjarne Sørdal, søskenbarnet til Jon Igesund, og vart med på fiskeria. Bjarne var med å tok fyrvesenet sin båt “Nordkyn” frå Tjørvågen natta til 7. juni 1940. Dette var første båten i Herøy som vart tatt over til Shetland utan eigarane sitt løyve.
Jon vart oppmoda om å gå inn i den norske hæren stasjonert, og vart innrullert der i september 1940. Den norske brigaden i Skottland utgjorde hovuddelen av den norske hæren under andre verdenskrig. Den var på brigades storleik og var for det meste forlagt til Dumfries i Skottland. Også Bjarne Sørdal slutta seg til denne avdelinga av den norske hæren noko seinare. Bjarne og Jon gjorde teneste i Den Norske Brigade resten av krigen.
Sommaren 1945 vart dei sendt til Nordnorge. Oppgavene var hovedsakelig avvæpning av tyske stryker, forpleining og heimsending av eks-tyske krigsfanger, minerydding og diverse sivile oppgåver i samband med gjenoppbygginga av den øydelagde infrastrukturen.
Martin Feie, sonen til Hans Feie, var berre 9 år då faren reiste til Shetland med Vestern. Gjennom heile krigen måtte han og mora Laura Lauritsdatter Sørdal klare seg åleine.