Galleri Berge & Herøy kystlag
Olav Huldal saman med systra Nancy i 1939. Nancy gifta seg med Henrik H. Myklebust.
Olav Huldal (1918 - 1995)
Olav Huldal kom til Buckie saman med Hans Feie og “Vestern”, men i midten av august 1940 reiste han til London og mønstra på tankskipet “Finnanger”. Båten var frå Bergen og gjekk i fart over Atlanteren med olje og drivstoff. Skipet står oppført med over 15 turar med drivstoff frå havner som Bermuda, Aruba og Caripito. Mange av dei i konvoi. Olav var ombord i Finnanger til mai 1941. Tankskipet vart torpedert i januar 1942 og heile mannskapet på 39 menneske omkom. 34 av dei var frå Norge.
Etter tida på “Finnanger” reiste Olav attende til Buckie og gjekk inn i kysttrafikken. M.a. var han eit år ombord på “M/B Valder” (M 9V), ein båt som hadde reist frå Vigra i april 1941. Etter nesten 2 år i Buckie, mønstra Olav i mai 1943 på dampskipet “Marga” frå Drammen. Første turane gjekk “Marga” med forsyningar til styrkene i Nord-Afrika. I september 1943 kom invasjonen av Italia og “Marga” med Leif Thue som kaptein kom 6. september 1943 med forsyningar til kai i Reggio di Calabria. Dette skal ha vore det første allierte handelsskipet som lossa på det europeiske fastlandet under den annen verdenskrig.
På ein seinare tur til Italia med forsyningar gjekk ”Marga” på ei mine, men klarte å gå til kai og få lossa forsyningane. To av mannskapet miste livet i samband med dette. Olav var med “Marga” attende til England og Buckie, men etter berre nokre dagar mønstra han på “D/S Heien”. Båten var del av “Operasjon Neptun”, som skulle sikre den allierte invasjonsstyrken i Normandie nødvendige forsyningar. “D/S Heien” var lasta med ammunisjon og nådde Normandie 6. juni 1944. Der låg den og leverte forsyningar i fleire dagar, før båten returnerte til England for å hente nye forsyningar. I løpet av “Operasjon Neptun” kryssa gjorde Olav kanalen 11 gongar med “D/S Heien”. Deretter gjekk han over på “D/S Skarv” og heldt fram i same tenesta heilt til kapitulasjonen i mai 1945.
Olav Huldal mønstra av og reiste til Buckie, og 16. juni 1945 gifta han seg med Jeannie Smith. Han hadde møtt henne på ein dans på “The Fishermen’s Hall” i 1942, og dei hadde vore kjærestar i åra etterpå.
Olav og Jeannie budde i Fosnavåg fram til 1960. Dei fekk 4 barn i denne tida. Familien flytta attende til Buckie i 1960. Olav Huldal døde i Buckie 21. august 1995. Jeannie vart 97 år og døydde 6. januar 2018.