Galleri Berge & Herøy kystlag
Båtskyss til Shetland
M 234 HØ, Vestern
7. mai 1940
I mai 1940 var det ein del britiske og norske soldatar frå kampane på austlandet som kom til vestkysten av Norge, med von om å finne seg båtskyss over til England. Lokale fiskebåtar var eit godt alternativ, og frå mange av kystkommunane gjekk det snart båtar over til England og Shetland. Saman med soldatane reiste og ein del andre norske ungdomar som ville ut i teneste.
Felles for dei fleste av desse båtane var at mannskapet hadde tenkt å returnere til Norge. Men slik vart det ikkje. Dei britiske styresmaktene ville ikkje la båtane returnere, og mannskapa vart verande ute til etter krigen.
Vestern, M 234 HØ, i mars 1937.
Vestern (M 234 HØ)
Dei to neste båtane som drog vestover med soldatar var Sandvikhorn (M 181 HØ) og Vestern (M 234 HØ). Dei reiste i fylgje 7. mai 1940
Vestern hadde tidlegare vore registrert under namnet Zeta (Seta), men namnet vart endra i 1935 då Hans Feie kjøpte båten. Hans var skipper på turen og fekk med seg to ungdommar som mannskap; Olav Huldal og Jon Igesund.
Bakgrunnen for turen var ei gruppe på 10-12 britiske soldatar som trengde skyss vestover. I tillegg var det 7 nordmenn som av ulike årsaker ville vere med. Vestern og Sandvikhorn kom til Baltasund etter halvanna døgn. Etter eit opphald i Lerwick vart dei sendt til Buckie i Skottland.
Ei tid dreiv Hans fiske og fraktefart med Vestern. Både Olav Huldal og Jon Igesund var i starten saman med han. I tillegg kom også Bjarne Sørdal, som hadde reist over med fyrvesenet sin båt Nordkyn, og var med på fiskeria. Bjarne og Jon var søsken barn, og Hans Feie var onkelen til begge to.
Olav Huldal reiste til London i august 1940 og gjekk inn i handelsflåten. Jon og Bjarne melde seg til Den Norske Brigade og gjorde teneste der under krigen.
Hausten 1941 reiste Hans til London og melde seg til Den norske marine. Den første tida var han stasjonert på Petershead og arbeidde for Secret Service på norskekysten. Aktiviteten var stort sett den same som for Shetlandsgjengen. Agentar, utstyr og informasjon vart frakta over Nordsjøen til og frå Norskekysten. Fleire Herøybåtar hamna i Petershead i starten av krigen, m.a. både M/K Mars, M/K Kvalsund og M/K Storegg.
Etter at trafikken med fiskebåtar vart avslutta i 1943 flytta Hans over til MT-båtane stasjonert i Lerwick. Etter krigsseglarregisteret hadde han også nokre oppdrag på minesveiparar i denne tida. På MT-båtane fungerte han delvis som kjentmann på Norskekysten.
I mai 1940 budde Hans Feie i Fosnavåg saman med kona Laura Sørdal og sonen Martin (født 1931). Skyssen vestover tok ikkje berre ei veke som planlagt, men varte i 5 år. Først i mai 1945 kom Hans attende til Fosnavåg.
Vestern vart sett inn i patruljeteneste på kysten av Skottland. Den er rapport som forlist (kondemnert) 20. mars 1942.