Galleri Berge & Herøy kystlag

Johan Vike. Bilete er truleg tatt ein gong i løpet av krigen medan han var under britisk kommando (His/ Her Majesty's Ship)

Johan Vike (1899 - 1973)

Johan Vike hadde kjøpt “Sandvikhorn” i 1938 og var både eigar og skipper. Tidleg i mai 1940 fekk han spørsmål om han kunne skysse nokre engelske soldatar over til Shetland. Etter avtale om betaling fekk han 7. mai om bord ei halv tropp med britiske soldatar, ein tysk fange og 6 nordmenn som ville over til England. Johan fekk med seg 2 ungdommar frå Fosnavåg som mannskap på turen. Det var Olav Knutsen og Sigmund Stenersen.

I Baltasund på Unst vart båten rekvirert av britiske styresmakter og sendt til Lerwick. Olav melde seg straks til den engelske hæren, medan Johan og Sigmund vart verande på “Sandvikhorn”. Ei kort stund dreiv Johan og Sigmund fiske, men så vart “Sandvikhorn” sett inn i trafikk utanfor Nord-Irland. Då melde Johan seg til teneste i marinen og vart innrullert 1. september 1940 i den britiske marinen. Den første tida var han på eit fransk marinefartøy under britisk kommando. Det meste av tida opererte dei i Den engelske kanalen.

Johan fekk aldri attende “Sandvikhorn”. Den fungerte som patruljebåt med base i Londonderry fram til den forliste i januar 1944.  

Lenge før dette hadde Johan, i februar 1942, gått over i handelsflåten. Dei første turane var han om bord på båtar som gjekk i konvoi og frakta materiell og forsyningar over Atlanteren og langs kysten av England. I oktober 1942 mønstra han på oslobåten “Lysaker V”. Første tida som matros, men vart etter kvart båtsmann. “Lysaker V” gjekk hausten 1942 og våren 1943 i fraktfart mellom Wales, Skottland og kysten av England. I juni 1943 vart den sendt med forsyningar via Gibraltar til Nord-Afrika, og tok deretter del i invasjonen av Italia. Fram til april 1944 gjekk dei med forsyningar mellom Nord-Afrika, Malta, Sicilia og havner i Italia. I siste halvdel av juni 1944 var han med under invasjonen i Normandie om bord i «M/S Kul» frå Bergen, før han i oktober 1944 var med på ein tur via Gibraltar, Suez og Aden til Sri Lanka. Der bytta han båt og gjekk same turen attende til England. Siste delen av krigen var han attende i fraktfart over Atlanteren.

Johan kom heim til Norge i juni 1945 og busette seg i Fosnavågen. I 1947 skaffa han seg ny båt og dreiv fiske nokre år. Johan gifta seg i 1954 med Hanna Løvik frå Halsa. Dei budde i Fosnavåg til Johan døydde i 1973.