Galleri Berge & Herøy kystlag

Sigmund Stenersen i 1946.

Sigmund Stenersen

Sigmund Stenersen deltok som frivilling under krigen i Norge i april 1940. Han vart, saman med Olav Knutsen, med som mannskap på Sandvikhorn. Etter at båten ikkje fekk returnere til Norge men kom til Buckie i Skottland, dreiv han ei kort stund fiske saman med eigaren Johan Vike.

I midten av august 1940 melde Sigmund seg til handelsflåten og gjekk om bord i S/S Tautra. Alt på første turen til Canada opplevde han at konvoien vart angrepen og at fleire skip gjekk tapt.

Han var stort sett i konvoifart på ulike båtar heile krigen, og står i registeret for krigsseglarar oppført med 16 mønstringar! Turane gjekk både over Atlanteren, til Sør-Amerika og innover i Middelhavet. I juni 1944 var han med på invasjonen i Normandie om bord på ein båt som frakta ammunisjon.

Sigmund kom først attende til Norge i desember 1945. Han budde første tida i Fosnavåg der han gifta seg med Ingrid Gjerde. Dei fekk 2 gutar. Familien flytta seinare til Ørsta.

Sigmund døde i 2006.