Galleri Berge & Herøy kystlag
Olav Knutsen i oktober 1938.
Olav Knutsen
Olav Knutsen hadde tatt del i krigshandlingane i Norge i april 1940. Første dagane i mai kom han attende til Fosnavåg, og vart med Sandvikhorn til Shetland som mannskap. Olav hadde reist i uniforma si, og gjekk han straks inn i den engelske hæren. Han slutta seg i 1942 til Den norske kommandotropp. Som kommandosoldat var han i 1944 med på invasjonen på kontinentet, og bl.a. i erobringa av Walcheren som skulle sikre Antwerpen som alliert hamn. Fram til våren 1945 var han med i gjenerobringane av områda vidare austover og inn i Tyskland. I mai 1945 var han mellom dei som tok kontroll over situasjonen i Oslo.
Olav kom attende til Herøy etter krigen og gifta seg med Mary Andersdotter Folde frå Aure. Saman fekk dei 4 born. Familien budde i Fosnavåg fram til 1954. Då flytta dei til Nøtterøy.
Olav var elles ein av dei som meinte at Norge som nasjon handsama dei som hadde vore ute under krigen på ein dårleg måte. Og som synes dei fekk lite hjelp då dei kom attende. I ettertid er det ikkje vanskeleg å seie at han hadde rett i dette.