Galleri Berge & Herøy kystlag
Båtskyss til Shetland
M 181 HØ, Sandvikhorn
7. mai 1940
I mai 1940 var det ein del britiske og norske soldatar frå kampane på austlandet som kom til vestkysten av Norge, med von om å finne seg båtskyss over til England. Lokale fiskebåtar var eit godt alternativ, og frå mange av kystkommunane gjekk det snart båtar over til England og Shetland. Saman med soldatane reiste og ein del andre norske ungdomar som ville ut i teneste.
Felles for dei fleste av desse båtane var at mannskapet hadde tenkt å returnere til Norge. Men slik vart det ikkje. Dei britiske styresmaktene ville ikkje la båtane returnere, og mannskapa vart verande ute til etter krigen.
Sandvikhorn, M 181 HØ, på Holmefjorden i februar 1927.
Sandvikhorn (M 181 HØ)
Dei to neste båtane som drog vestover med soldatar var Sandvikhorn (M 181 HØ) og Vestern (M 234 HØ). Dei reiste i fylgje 7. mai 1940.
Johan Vike hadde kjøpt Sandvikhorn i 1938 og var både eigar og skipper. 7. mai fekk båten om bord ei halv tropp med britiske soldatar, ein tysk fange og 6 nordmenn som ville over til England. Johan fekk med seg 2 ungdommar frå Fosnavåg som mannskap på turen. Det var Olav Knutsen og Sigmund Stenersen.
I Baltasund på Unst vart båten rekvirert av britiske styresmakter. Olav melde seg straks til den engelske hæren, medan Johan og Sigmund vart verande på Sandvikhorn. Ei kort stund dreiv Johan og Sigmund fiske, men så vart Sandvikhorn sett inn i trafikk utanfor Nord-Irland. Båten forliste der i januar 1944.
Johan melde seg til teneste i marinen og var der frå 1. september 1940. I februar 1942 gjekk han over i handelsflåten. Båtane han var om bord på gjekk i konvoi og frakta materiell og forsyningar både mellom Amerika og England, til Nord-Afrika og innover i Middelhavet. I juni 1944 var han med på invasjonen i Normandie om bord i «M/S Kul» frå Bergen.
Johan kom heim til Norge i juni 1945 og busette seg i Fosnavågen. I 1947 skaffa han seg ny båt og dreiv fiske nokre år. Johan gifta seg i 1954 med Hanna Løvik frå Halsa. Dei budde i Fosnavåg til Johan døydde i 1973.