Galleri Berge & Herøy Kystlag
Jacob M. Remø i atelieret på Berge i august 1947.
Jacob M. Edvinsson Remø
Jacob M. Remøy, sonen til Edvin og Gudmunda Jacobsen reiste til Shetland med Sjøgutten 6. mai 1940. Han hadde tatt del i krigshandlingane ved Bergen og Voss, men vart demobilisert då Sør-Norge vart oppgjeve. Han kom tilbake til Herøy samstundes som gruppa til Bjarne Øen kom til Eggesbønes og trengde skyss vidare vestover. Jakob fekk kontakt med denne gruppa og vart med dei vestover. Det er mogleg at kontakta med Bjarne Øen og hans folk på vegen over til Shetland påverka Jacob, men i alle fall kom han til Little Norway i Canada i desember 1940 og utdanna seg der til flygar.
Han var først stasjonert i Island som andrepilot på Catalina fly, før han fekk han base i Skottland. Tenesta på Catalina flya var mykje eskorte i høve til konvoiane som drog over Atlanteren.
Våren 1942 vart det anlagt ei norsk flybase i Woodhaven, Skottland. Det var denne basen som seinare i mai 1943 vart “333 (Norwegian) Squadrons”. Jacob søkte over i teneste her. Squadronen var utstyrt med både Catalina-fly og Mosquitos. Mosquitos kunne utstyrast både som rekogniseringsfly og som jagerbombere med djupvassbomber berekna på angrep på u-båtar.
Etter overflyttinga til 333 (N) Squadronen flaug Jacob Mosquito og hadde fleire tokt over til Norskekysten, og fekk også flyge over Fosnavåg.
16. juni 1944 vart Mosquitoflytet til Jakob og navigatøren Per Conradi Hansen, skoten ned i kamp med ein ubåt. Dei naudlanda i Nordsjøen, vart plukka opp av ein tysk u-båt og hamna etter kvart i tysk fangeleir.
Jacob kom tilbake til Norge i juli 1945. Han gifta seg i 1948 med Eli Steffensen og busette seg i Ålesund.