Galleri Berge & Herøy Kystlag
Skipper Peder G. Remøy og kona Sesilie O. Opsal. Privat foto.
Peder G. Remøy og Sesilie O. Opsal
Peder Gabrielsson Remøy (1897 – 1964) var eigar og skipper på første båten frå Herøy som gjekk over til Shetland i mai 1940.
I fylgje dottera Arnhild, kjende Peder på ei plikt i høve til å hjelpe soldatane over til England, og gjekk difor med på å skysse dei vestover.
Turen skulle ta ei vekes tid, men dei vart ute gjennom heile krigen. Heime venta Sesilie, kona til Peder, saman med 6 born i alderen 7 månadar til 12 år. Det gjekk eit heilt år før det kom eit sikkert livsteikn frå Peder. Gjennom heile krigen var Peder i alliert teneste med Sjøgutten, hovudsakleg i kysttrafikk rundt Island. Delar av tenesta var å ta opp folk frå fly som var skotne ned og frå skip som var torpedert.
Peder kom heim til familien med Sjøgutten 29. juli 1945. Det hadde vore lange og tunge år for både Peder, Sesilie og borna. Sårast var det truleg at vesleguten Olav som berre var 7 månadar i mai 1940, døydde alt i 1943. Han vart berre 3 år gammal.