Galleri Berge & Herøy Kystlag

Båtskyss til Shetland

M 44 HØ, Sjøgutten

6. mai 1940

I mai 1940 var det ein del britiske og norske soldatar frå kampane på austlandet som kom til vestkysten av Norge, med von om å finne seg båtskyss over til England. Lokale fiskebåtar var eit godt alternativ, og frå mange av kystkommunane gjekk det snart båtar over til England og Shetland. Saman med soldatane reiste og ein del andre norske ungdomar som ville ut i teneste.

Felles for dei fleste av desse båtane var at mannskapet hadde tenkt å returnere til Norge. Men slik vart det ikkje. Dei britiske styresmaktene ville ikkje la båtane returnere, og mannskapa vart verande ute til etter krigen.

Sjøgutten (M 44 HØ) på slutten av 1920-talet.

Sjøgutten (M 44 HØ)

Sjøgutten (M 44 HØ) var den første båten frå Herøy som reiste vestover. Den drog alt 6. mai 1940. Eigar og skipper var Peder G. Remøy, medan Arnolf Remøy og Sigfred Remøy var med som mannskap. Frå Herøy reiste også Jacob Edvinson Remø med denne båten.

Bakgrunnen for reisa var at Bjarne Øen og hans stab trengde å kome seg over til England. Bjarne Øen var ein norsk flyoffiser som i 1940 var sjef for Oslo Lufthavn Fornebu. Etter det tyske angrepet på Norge vart han 13. april utnevnt til generalinspektør for Hærens flyvåpen. Etter at kampane i Sør-Norge mislukkast, fekk han ordre om å leie ei gruppe flyoffiserar som skulle over til Storbritannia for å skaffe nye fly til kampane i Nord-Norge. Dette viste seg å ikkje vere mogleg, og valet for flyoffiserane stod mellom å melde seg individuelt til teneste i det britiske Royal Air Force eller å samla opprette nokre eigne norske avdelingar. På Øen sitt initiativ vedtok den norske eksilregjering i London å etablere Flyvåpenets rekrutterings- og treningsleir. Bjarne Øen fekk oppdraget med etableringa av leiren i Toronto, Canada. Leiren er best kjent som Little Norway. Fra 1942 var Bjarne Øen leiar for Fjerde Kontor ved Forsvarets Overkommando (FO 4), med ansvar det okkuperte Norge.

Etter krigen var han både leiar av Forsvarets Høyskole, var i Forsvarets Overkommando og fungerte ei tid som forsvarssjef. Dei som reiste over var Bjarne Øen, Odd Bull, Johannes Greiner, Gunnar Halle, Jens Hertzberg, Odd Kristiansen, Ivar Lunde, Oscar Albert Lütken, Fritjof Løberg, Wilhelm Mohr, Nils Romnæs, Alf Røed, Petter Stabell, Olav Bakke Stene og Trygve Loss Øverlie.