Galleri Berge & Herøy Kystlag
Skegness
“Normannaheim”
Treningsleir for Den norske marinen
Den norske regjeringa i London oppretta tidleg treningsleirar for nordmenn som ville ta del i krigen på alliert side. Mest kjent er truleg “Little Norway” i Canada som utdanna pilotar og flypersonell for Det norske flyvåpenet. Men for alle dei som reiste over Nordsjøen til Shetland og melde seg til teneste i Den norske marinen, var det treningsleiren “Skegness” i Skottland gav dei nødvendig kunnskap om våpen, ammunisjon, sprengstoff og strategisk tenking.
Alt i 1939 hadde britiske styresmakter oppretta rekruttskulen “H.M.S. Royal Arthur” i Skegness, på området som tidlegare var ferieleiren Billy Butlins "Holiday Camp". Dette vart den største rekruttskulen i Den britiske marinen, og frå våren 1941 fekk den ei norsk avdeling.
Norske styresmakter oppretta også ein forskule til rekruttskulen på ein gard i nærleiken. Den fekk namnet “Normannaheim” og fungerte som inngang til rekruttskulen for dei som kom frå Norge og skulle tenestegjere i Den norske marinen. Etter nokre veker med grunnleggande opplæring på “Normannaheim” heldt utdanninga fram på “H.M.S. Royal Arthur”.
Bilete er tatt på trenigsleiren i Skegness hausten 1943. På bilete er alle dei som reiste til Shetland med “Delfin” , “Lun I” og “Storegg”. Unntaket er Bernard Teige som vart friteken frå direkte krigsteneste grunna alderen.
M 38 HØ, “Lun I”
Bak frå venstre:
Rolf S. Kvalsund, Joakim J. Kvalsvik, Kornelius Kvalsund, Sigurd Kvalsund, Steinar Kvalsund, Kåre K. Teige, ukjent, Kåre Ostnes og Gustav Warholm.
I tredje rekkje: Rasmus Warholm, ukjent, Mads Kvalsund, Karl A. Teige, ukjent, Kåre G. Kvalsvik, ukjent og Terje Teige.
I andre rekkje sit Ole S. Kvalsund og Konrad Teige til høgre på bilete.
I tillegg sit Peder Remøy som nr. 3 frå venstre i fremste rekkja. Han var i 1943 instruktør i treningsleiren.