Galleri Berge & Herøy Kystlag

MT-båtar

Den norske marinen fekk frå hausten 1942 tilgang til britisk bygde Motortorpedobåtar (MTB). Dei norske båtane vart organisert i den 54. (N) MTB-flotilje, stasjonert i Lerwick på Shetland. Norge disponerte totalt 21 båter av denne typen i løpet av krigen, men ikkje meir en 12 båtar samstundes.

Fra november 1942 til mai 1945 gjennomførte dei norske MTB-ene 161 oppdrag langs kysten av Norge. Oppdraga var angrep på tyske konvoier, krigsskip og forsyningane som dei tyske styrkene var avhengige av.

Då det vart for farleg for Shetlandsgjengen å bruke fiskeskøyter hausten 1943, utførte MT-båtane nokre oppdrag for dei til kysten av Norge. 17. november 1943 fekk Shetlandsgjengen tilgang til sine nye ubåtjargarar og kunne utføre sine oppdrag som tidlegare.

I løpet av krigen gjekk 8 av norske MT-båtar tapt og 20 personar mista livet i direkte tjeneste på båtane.

Fem MT-båtar liggane i Nørvågen i mai 1945.

MT-båtar i Herøy

Ei gruppe på 5 MT-båtar kom til Herøy 15. mai 1945 og la til kai i Nørvågen. Ombord var fleire frå Herøy som hadde vore med i Shetlands-gjengen eller hatt teneste på MT-båtane.

Båtane låg der fleire dagar og 18. mai kom også ein sjette MT-båt som først hadde vore i Ålesund under feiringa av 17. mai.

Natt til 19. mai blir det ein eksplosjon i motorrommet på denne båten. Truleg fordi bensindampen i motorrommet hadde blir antent. Store delar av båten vart sprengt vekk, og også den nærmaste båten fekk store skader. Berre rask respons frå to av mannskapet hindra ei større ulukke. Dei klarte å sløkke brannen, men båten sank ved kai.

Dei to var coxen Wahlgren og Johannes Sigfred Andersen, betre kjent som “Gulosten”.