Galleri Berge & Herøy kystlag

Odd Kopperstad fotografert i atelieret på Berge i november 1941.

Odd Kopperstad (1925 - 19)

Sommaren 1944 var det fleire ungdommar som kjende på lysta til å kome seg vestover. Enkelte hadde vore innblanda i illegal verksemd og kjende på uro i høve merksemd frå tyske styresmakter. Andre var mest opptatt av å kome seg ut for å kunne bidra i kampen på alliert side.

To av desse var grannegutane Magnus og Odd Kopperstad. Saman med kompisen Herlof Warholm og ungguten Erling Aursnes på Flåvær la dei planar om å ta båten til Erling sin far, “Lom” M 216 HØ. Båten var berre 26 fot, men dei meinte den ville klare turen over Nordsjøen. Dei var alle saman unge, Herlof var eldst med sine 24 år og Erling ikkje meir enn 17 år gammal. Før dei reiste fekk dei også overtalt Jon Kvalsund til å bli med. Han var litt eldre, hadde fylt 30 år, og hadde erfaring som sjømann og hadde vore så vidt med i kampane i Gudbrandsdalen i april 1940. Under krigsåra utdanna han seg til styrmann i Trondheim.

Om kvelden 10. juli 1944 gjekk dei fem karane ombord i “Lom” og sette kursen vestover. Båten kom vel fram til Shetland. Etter dei vanlege avhøyra kom Odd inn i handelsflåten, og 11. september 1944 mønstra han på bergensbåten “Titanian” i Southend ved London. Båten gjekk først nordover austkysten til Methil i Skottland, vidare over til Loch Ewe på vestkysten før dei kryssa over Atlanteren.

Odd vart ombord i “Titanian” heile krigstida til endes og det vart mange turar mellom hamner i Amerika og ulike stadar i England. Han sa sjølv at han ikkje var bort i noko særleg dramatisk, men konvoi over Atlanteren var kvar gong ei farleg ferd som alltid var fylt av spenningar og faremoment.

Odd vart verande på “Titanian” heilt fram til båten kom til Bergen i slutten av november 1945. Då gjekk han i land og reiste heim til Herøy. Odd busette seg på Koparstad.

Av dei andre som reiste med “Lom” gjekk også Magnus og Jon inn i handelsflåten, medan Herlof og Erling søkte seg inn i marinen. Herlof gjorde teneste som kanonskyttar på jageren “Arendal”. Erling var i starten for ung til vanleg teneste, men kom seinare ombord i ein minesveipar.