Galleri Berge & Herøy Kystlag
Mot vest for å kjempe
M 303 HØ, Glimt
25. mai 1941
Norge kapitulerte for den tyske okkupasjonsmakta 10. juni 1940. Men alt før dette hadde norske ungdommar starta planlegging og arbeid for å reise vestover for å kjempe mot dei tyske styrkane. Eit viktig moment var å skaffe seg båt og utstyr som kunne klare turen over Nordsjøen. Kvar gruppe måtte ha med seg minst ein person som kunne handtere båtmotoren og nokon med tilstrekkeleg kunnskap om navigering til å finne kursen til Shetland eller Skottland.
Dei fleste båtane vart tatt ulovleg utan eigaren si godkjenning. I England vart dei stort sett tatt over av britiske styresmakter og sett inn i ymse frakt- og transportoppdrag. Nokre få fiskebåtar vart brukt til oppdrag attende til norskekysten.
Ungdommane som reiste vestover gjorde teneste i ulike einingar. Dei fleste gjekk inn i handelsflåten eller melde seg til teneste i Den norske marinen, men nokre av dei hadde si krigsteneste i hæren eller flyvåpenet.
M 303 HØ, “Glimt” fotografert på slutten av 1920-talet.
M 303 HØ, “Glimt”
Våren 1941 var det mange som hadde behov for å kome seg vestover til Shetland. Tyske styresmakter hadde sett seg føre å stoppe mykje av det illegale arbeidet, og byrja å slå hardt ned på alle dei kunne få tak i. Dermed auka også talet på personar som kom vestover til kysten i von om å kome seg med ein båt.
I april/ mai 1941 danna det seg ei slik gruppe av unge karar i Volda. Dei fleste frå Volda og Ørsta, men også nokre skuleelevar frå austlandet. Dei hadde først tenkt å stjele ein båt, men fekk etter kvart økonomisk hjelp til å kjøpe ein liten båt. Valet falt på M 303 HØ, “Glimt”, som var eigd av Sivert Eiksund. Etter nokre forhandlingar vart dei samde og båten vart henta til Volda. Båten var berre på 29 fot så etter som det vart fleire og fleire som ville vere med, vart det fullt ombord då dei sette kursen vestover 25. mai 1941. I fylgje kjeldene var det 7 mann i lugaren, 4 i lasterommet, 2 i maskina og 2 i styrehuset. Til saman 15 personar, der dei fleste var omlag 20 år gamle og med lite kunnskapar om båt eller navigasjon.
Berre ein av dei eldste, 34-åringen Sivert Myhre, hadde erfaring som fiskar. I tillegg hadde kontorsjef Ola Asknesseter frå Ålesund erfaring frå krigen i Finland.
Dei sette kursen ut Skorpesundet og nordvestover, men kom tidleg ut for dårleg ver og måtte bruke drivanker for å ikkje bli tatt av brottsjøar. Dei hadde også problem med motoren, men Sivert Myhre klarte kvar gong å få start på den. Kor langt sørover stormen førte dei er uklart, og dei hadde ikkje noko klar oppfatning om kvar dei var då vinden gav seg. Dei bestemte seg for å gå dels vestover og dels sørover. Taktikken fungerte og dei fekk etter kvart landkjenning ved Fair Island, eit stykke sør for Shetland. Dei kom velberga inn til Lerwick 1. juni 1941.