Galleri Berge & Herøy Kystlag
Mot vest for å kjempe
M 41 HØ, Signal
13. juli 1944
Norge kapitulerte for den tyske okkupasjonsmakta 10. juni 1940. Men alt før dette hadde norske ungdommar starta planlegging og arbeid for å reise vestover for å kjempe mot dei tyske styrkane. Eit viktig moment var å skaffe seg båt og utstyr som kunne klare turen over Nordsjøen. Kvar gruppe måtte ha med seg minst ein person som kunne handtere båtmotoren og nokon med tilstrekkeleg kunnskap om navigering til å finne kursen til Shetland eller Skottland.
Dei fleste båtane vart tatt ulovleg utan eigaren si godkjenning. I England vart dei stort sett tatt over av britiske styresmakter og sett inn i ymse frakt- og transportoppdrag. Nokre få fiskebåtar vart brukt til oppdrag attende til norskekysten.
Ungdommane som reiste vestover gjorde teneste i ulike einingar. Dei fleste gjekk inn i handelsflåten eller melde seg til teneste i Den norske marinen, men nokre av dei hadde si krigsteneste i hæren eller flyvåpenet.
M 41 HØ, “Signal”, på Holmefjorden med Rundebranden i bakgrunnen. Båten kom attende til Norge etter krigen og bilete er tatt i februar 1947.
M 41 HØ, “Signal”
Frå 1935 var “Signal” eigd av brødrene Knut L. og Lars L. Nerland. Også sonen til Knut, Bjarne Nerland, var med på fisket og kjente båten godt. 13. juli 1944 tok han “Signal” saman med 4 kamerater og reiste over til Shetland. Dei er registrert som ankomne 14. juli så turen må ha gått svært fint utan store problem. Bakgrunnen for at dei reiste skal ha vore ei viss frykt for å bli innkalt til tysk arbeidsteneste. Etter dei vanlege avhøra og undersøkingane, valte alle dei fem frå “Signal” å gå inn i handelsflåten.
Fram til april 1945 var Bjarne på ein båt som trafikkerte langs kystane av England, Skotland og over til Irland. Seinare var han på ein båt som gjekk via USA for å levere forsyningar til amerikanske tropper i Singapore. Bjarne kom først heim til Norge i april 1946.
Erling Monsen Kvalsvik var som Bjarne på ein båt som trafikkerte dei britiske øyane, hovudsakleg mellom England og Irland. Då freden kom mønstra Erling på ein båt som skulle til Oslo, og mønstra av der i juli 1945.
Både Jon Astor Kvalsvik, Einar Kvalsvik og Osvald Kvalsvik kom ombord i båtar som gjekk med forsyningar mellom England og Frankrike. Etter invasjonen var det stort behov for materiell, ammunisjon og drivstoff. Konvoiane vart ofte utsette både for flyangrep og ubåtar. I tillegg var det lagt ut store mengder med miner langs kysten av Frankrike. Men for alle tre gjekk det godt, og dei kom heim til Norge i løpet av 1946.
(Osvald Kvalsvik vaks opp i Vanylven, men etter at mora døde i 1929, flytta faren Ole tilbake til Herøy saman med borna).