Galleri Berge & Herøy Kystlag
Mot vest for å kjempe
M 144 HØ, Erkna
17. november 1941
Norge kapitulerte for den tyske okkupasjonsmakta 10. juni 1940. Men alt før dette hadde norske ungdommar starta planlegging og arbeid for å reise vestover for å kjempe mot dei tyske styrkane. Eit viktig moment var å skaffe seg båt og utstyr som kunne klare turen over Nordsjøen. Kvar gruppe måtte ha med seg minst ein person som kunne handtere båtmotoren og nokon med tilstrekkeleg kunnskap om navigering til å finne kursen til Shetland eller Skottland.
Dei fleste båtane vart tatt ulovleg utan eigaren si godkjenning. I England vart dei stort sett tatt over av britiske styresmakter og sett inn i ymse frakt- og transportoppdrag. Nokre få fiskebåtar vart brukt til oppdrag attende til norskekysten.
Ungdommane som reiste vestover gjorde teneste i ulike einingar. Dei fleste gjekk inn i handelsflåten eller melde seg til teneste i Den norske marinen, men nokre av dei hadde si krigsteneste i hæren eller flyvåpenet.
M 144 HØ, “Erkna”, på Holmefjorden med Rundebranden i bakgrunnen. Bilete truleg frå 1939.
M 144 HØ, “Erkna”
Mathias H. Myklebust kjøpte kutteren “Erkna” i slutten av 1939. Skuta hadde skrog av stål og var heile 73 fot. Våren 1940 bestemte han seg for å sette inn ein ny motor og arbeidet vart utført på Hatlø-verkstaden i Ulsteinvik. I fylgje Rabben sine opplysningar var båten framleis på verkstaden hausten 1940 då den vart stjålen av ei gruppe som måtte over til England. Men andre kjelder, t.d. Ragnar Ulstein, opplyser at Mathias alt hadde tatt “Erkna” i bruk til fraktfart. I starten av november hadde han fått varsel om at den kom til å bli rekvirert av Die Deutsche Kriegsmarine. Båten skulle brukast til å frakte frakte fisk og utstyr til dei tyske styrkane i Norge. Han gav difor beskjed til nokre kjenningar i Ulsteinvik om at dei kunne ta båten over til England. Sjølv reiste han til Trondheim ei periode slik at han ikkje kunne anklagast for å gje frå seg båten.
Det var på dette tidspunktet svært mange som trengde skyss vestover, og sidan båten var så stor, var det planlagt at nærmare 100 personar kunne få vere med.
17. november 1941 reiste nokre sørover til Djupvik og henta båten til Ulsteinvik. Fleire grupper hadde samla seg der, og då båten reiste ut nord for Runde hadde den med seg 60 personar. Dette var truleg den største gruppa som reiste vestover med fiskebåt under heile krigen. Det var ingen frå Herøy med på turen vestover.
Med den nye motoren hadde “Erkna” god fart og alt 19. november kom dei trygt fram til Lerwick. I november og desember 1941 var “Erkna” to gongar attende til Norskekysten i oppdrag for Shetlandsgjengen. Begge gongane med Bård Grotle som skipper og Mindor Berge som som del av mannskapet.
Men med sitt skrog av stål var båten lett å kjenne igjen, og var difor ikkje så godt eigna for slik teneste. Den vart difor overført til Greenoch-basen ved Glasgow. Her var den stasjonert resten av krigen. Mathias H. Myklebust var sjølv over til Skottland og henta båten attende til Herøy i 1946.