Galleri Berge & Herøy kystlag

Charles Børge Remø i 1946. Foto privat.

Charles Børge Remø (1923 - 2017)

Charles erfarte tidleg konsekvensane av dei tyske soldatane sin okkupasjon av Norge, og fekk sett på nært hald kva krigshandlingar kunne føre til. I april 1940 var han med å frakta rekvirerte lastebilar frå Herøy til Sjøholt, og som så mange andre ungdommar på Remøya kjende han til arbeidet med å hjelpe soldatar, flykningar og andre vestover.

Sjølv om han berre var 17 år, og difor eigentleg for ung, fekk Charles hausten 1940 skuleplass på fiskarfagskulen på Aukra. På veg til skulen reiste han gjennom Molde, og fekk sjå kva krigshandlingane hadde gjort med byen og i løpet av året på Aukra opplevde han nærkontakt med tyske soldatar som våren 1941 rekvirerte delar av skulen til innkvartering av tyske offiserar.

Før Charles tok til på skulen på Aukra hadde han vore med å diskutert med fleire av kameratane om dei skulle reise vestover. Men sidan han var heime, vart han ikkje med då kameratane reiste til Island med “Brattholm I”. Utover sommaren 1941 vart desse planane for å reise vestover henta fram på nytt, og saman med Ingolf Remø (gifta seg etter krigen med syster til Charles) fekk han kontakt med dei som organiserte turen med “Kvalsund”.

Om kvelden 6. oktober 1941 rodde Johan Remø, faren til Charles, dei over til Nerlandsøya. Der gjekk dei ombord i “Kvalsund” som etter kvart sette kursen gjennom nordre Vaulen, forbi Runde og mot nordvest. “Kvalsund” kom fram til Færøyane 9. oktober.

Etter nokre dagar reiste Charles saman med fleire av dei andre frå “Kvalsund” via Skottland til London. Der møtte han søskenbarna Aksel og Sverre Remøy. Saman med dei og Petter Hansson Runde, vart Charles rekruttert til eit oppdrag på norskekysten i regi av britiske SIS med base i Peterhead. Sverre Remøy skulle settast i land på Remøya og drive ein radiosendar for rapportering av tysk aktivitet i skipsleia. Oppdraget vart gjennomført i romjula 1941, og Charles fekk så vidt helse på foreldra før dei returnerte til Peterhead.

Tidleg på våren 1942 starta Charles på skule i London og fullførte utdanninga som telegrafist 2. november. Ti dagar seinare mønstra han på dampskipet “Sirehei” frå Kristiansand i Southend. Første turen gjekk via Methil og Loch Eve i Skottland over Atlanteren til New Foundland og Halifax. Våren og sommaren 1943 gjorde “Sirehei” fleire turar fram og tilbake over Atlanteren.

I august 1943 vart båten sendt frå Liverpool til Middelhavet med forsyningar til dei allierte styrkane som gjekk i land i Italia i september 1943. Fram til februar 1944 var “Sirehei” hovudsakleg i Middelhavet og innom hamner som Oran, Casablanca, Gibraltar og Malta. Men hadde også ein tur attende til Skottland i desember 1943.

I mai 1944 vart Charles overført til dampskipet “Lynghaug” som saman med m.a. “Sirehei” og fleire andre skip inngjekk i “Operation Gooseberry”. Formålet med denne operasjonen var å senke gamle skip som bølgebrytarar for dei kunstige hamnene som allierte styrkar bygde på strendene i Normandie. “Lynghaug” vart senka 10. juni 1944 og mannskapet vart etter kvart sendt attende til England.

Charles kom etter dette ombord i tankskipet “Vardefjell” der han vart verande som telegrafist resten av krigen. Hausten 1944 gjekk “Vardefjell” først fleire turar over Atlanteren, før skipet gjekk inn i Middelhavet og leverte forsyningar mellom hamner i Nord-Afrika og allierte styrkar i Italia og Frankrike. Frå mars 1945 og fram til krigen slutta var “Vardefjell” igjen tilbake i fraktfart over Atlanteren til hamner både i England og på kontinentet.

Charles var om bord i “Vardefjell” heilt fram til november 1945. Då kom han heim til Herøy. Han gifta seg i 1947 med Gunvor Meyer Thomsen frå Tromsø. Dei busette seg på Remøya.