Galleri Berge & Herøy Kystlag

Mot vest for å kjempe

M 64 HØ, Kvalsund

6. oktober 1941

Norge kapitulerte for den tyske okkupasjonsmakta 10. juni 1940. Men alt før dette hadde norske ungdommar starta planlegging og arbeid for å reise vestover for å kjempe mot dei tyske styrkane. Eit viktig moment var å skaffe seg båt og utstyr som kunne klare turen over Nordsjøen. Kvar gruppe måtte ha med seg minst ein person som kunne handtere båtmotoren og nokon med tilstrekkeleg kunnskap om navigering til å finne kursen til Shetland eller Skottland.

Dei fleste båtane vart tatt ulovleg utan eigaren si godkjenning. I England vart dei stort sett tatt over av britiske styresmakter og sett inn i ymse frakt- og transportoppdrag. Nokre få fiskebåtar vart brukt til oppdrag attende til norskekysten.

Ungdommane som reiste vestover gjorde teneste i ulike einingar. Dei fleste gjekk inn i handelsflåten eller melde seg til teneste i Den norske marinen, men nokre av dei hadde si krigsteneste i hæren eller flyvåpenet.

M 64 HØ, “Kvalsund”, på veg ut frå Fosnavåg hamn i mars 1940.

“Kvalsund” kom i inn i alliert teneste. Først på Færøyane og Island, før den vart stasjonert hjå SIS på Peterhead i Skottland for å ta del i skøytetrafikken på norskekysten. Det første oppdraget hadde den 4. april 1942 til Nord-Norge med våpen, materiell og SIS-agenten Einar Johansen. Turen gjekk heilt til Hillesøy ved Kvaløya i Troms, heile 2 500 nautiske mil. Dette vart det lengste vellukka oppdraget med fiskeskøyte under heile krigen. “Kvalsund” vart også den siste fiskeskøyta som gjekk på oppdrag frå Peterhead i slutten av desember 1943.

Båten låg deretter i opplag fram til slutten av desember 1944, då fleire skøyter fekk i oppdrag å gå til Finnmark for å ta del i motstandsarbeidet. Etter ein svært vanskeleg overfart med storm og dårleg ver, kom «KvalsundI» til slutt til Kirkenes 22. januar 1945, etter å ha vore innom russarane i Petsamo. Seinare var “Kvalsund” nytta under evakueringa av Finnmark og var m.a. til Sørøya i slutten av mars 1945 med forsyningar. Samstundes henta dei ut fleire såra og sivile til Båtsfjord. Mot slutten av krigen vart «Kvalsund» også nytta som minesveipar med base i Hammerfest.

Etter krigen kom “Kvalsund” attende til Herøy og vart etter reperasjon og oppgradering igjen tatt i bruk til fiske.

M 64 HØ, “Kvalsund”

I løpet av sommaren og hausten 1941 var det mange ungdommar i Herøy som diskuterte korleis dei skulle kome seg vestover for å ta del i krigen på alliert side. Mellom dei var m.a. Albert Teige og Joakim Kvalsund. Dei hadde gjort eit forsøk på å kome seg med losskøyta “Rundø”, men bestemte seg i staden for å stikke av med ein båt frå heimbygda. Kor mange som var med i planlegginga frå starten av er uklart, men truleg har fleire andre vore involvert i organiseringa. I alle fall var dei 17 unge menn som 6. oktober 1941 sette kursen vestover med M 64 HØ “Kvalsund”.

Dei fleste som reiste var frå Herøy. Albert hadde med seg broren Einar Teige, og i tillegg frå Nerlandsøya var det Alfred Kvalsund, Osvald Kvalsund, Kåre Leikanger og brødrene Trygve Kvalsund og Jakob Madsen. Frå Runde reiste Henry Goksøyr og Petter Hansson Runde, frå Remøy vart Charles Remø og Ingolf Remø med på turen og Rolf Ytrebø vart med frå Bø. I tillegg er også Alf Halle frå Sande ført opp med Fosnavåg som heimstad ved ankomsten til dei britiske øyane. Ombord var også 2 skuleelevar frå Ålesund, Odd Sverre Alvestad og Perry Leif Ellingsen, som skal ha reist for å unngå utskriving til arbeidsteneste. Den siste om bord var Karsten Torvald Aasebø frå Volda.

Turen over Nordsjøen gjekk utan store problem og “Kvalsund” kom til Torshavn på Færøyane 9. oktober. Etter kort tid vart dei sendt vidare til Skottland. Berre Albert, Joakim og eit par til vart igjen og hadde båten i fraktfart på Færøyane. Men i løpet av november hadde alle dratt over til Skottland. Etter vanleg prosedyre med avhøyr og kontroll vart det for dei fleste teneste i handelsflåten med konvoifart i Atlanteren, til Sør-Amerika eller over Stillehavet.

Alle som var med i konvoiane over Atlanteren opplevde tøffe angrep frå tyske ubåtar og torpedering av skip i konvoien. Fleire av dei overlevde også torpedering av eigen båt. Ingolf Remø var ombord i tankskipet “Tankexpress” i juli 1942. Skipet gjekk i ballast på veg til Trinidad då det vart senka av ein tysk ubåt. Det gjekk 8 dagar før livbåtane med mannskapet vart redda av ein engelsk destroyer. I september 1943 vart Henry Goksøyr torpedert i Nord-atlanteren ombord på Kristiansandbåten “Skjelbred”. Osvald Kvalsund vart torpedert 2 gongar av same ubåt på 2 dagar, først ombord i oslobåten “Siljestad” og dagen etter ombord i eit skip frå Jugoslavia (“Kupa”) som hadde redda dei. Begge gongane kom ubåten opp etter torpederingane og gav mannskap litt hjelp med kurs mot land. To nordmenn mista livet på “Siljestad”, men resten av mannskapa redda seg til land.

Av ungdomane frå Herøy som reiste med “Kvalsund kom alle seg gjennom krigen, men Einar Teige døde i ei bilulukke i Halifax i Canada i oktober 1945.

Det kan også nemnast at voldingen Karsten Torvald Aasebø kom etter kvart med i Shetlandsgjengen og utførte 32 turar attende til kysten av Norge.