Galleri Berge & Herøy kystlag

Lydia Remøe. Bilete er truleg tatt under krigen.

Lydia Remøe (1912 - 2016)

I april 1940 hadde Lydia 3 brødre som segla ute. Det var Sverre, Johan Petter og Sigbjørn Remøe. Og i november 1940 reiste broren Fritjof med “Bratholm I”. På Remøya hadde også Lydia gjort seg tankar om å reise vestover. Ho vare, som så mange andre på Remøya, godt kjent med arbeidet for å hjelpe flyktningar vestover. I løpet av starten på september 1941 vart det igjen fleire grupper med personar som trengde hjelp til å kome seg ut av landet. Både faren Sigvald Remø og broren Aksel Remøe var involvert i organiseringa av hjelpearbeidet, og Lydia bestemte seg for å reise saman den neste gruppa som drog vestover. Natta til 19. september var Sigvald og Aksel med å skyssa gruppa frå Remøy over til Runde og ombord i losskøyta “Rundø”.

Sjølv om det ikkje var planlagt, vart det også slik at broren Aksel reiste med “Rundø” saman med Lydia. Då “Rundø” reiste frå Herøy var det 28 personar ombord, mellom dei 10 kvinner. Etter ein litt strabasiøs tur kom dei til Shetland 21. september.

Etter eit opphald med forhøyr og kontroll i Lerwick, gjekk turen Aberdeen og vidare til London. Lydia hadde lenge hatt planar om å bli sjukesøster, og ho fekk etter ei tid ta til som elev på eit sjukehus i London. Etter læretid på sjukehuset vart ho innrullert i hærens sanitet og søkte seg til Det norske marinehospitalet i Edinburgh. Ho gjorde teneste der resten av krigen. “Craiglockhart Hospital” i Edinburgh opna i februar 1942 og fungerte som eit hovudsjukehus for dei norske styrkane.

Delar av denne tida var ho på sjukehuset saman med Maja Goksøyr som reiste saman med henne på Rundø.

I fylgje informasjon frå Sjukepleien (nr. publisert 24.09.22) var det om lag 60 norske sjukepleiarar som gjorde teneste på sjukehus drevne av norske styresmakter i England under krigen.

Lydia kom attende til Herøy i løpet av sommaren 1945. Ho busette seg seinare i Bærum og døde der 20. desember 2016. Ho vart 104 år gammal.