Galleri Berge & Herøy kystlag

TIL GALLERI BERGE

IMarie Gerda (Maja) Goksøyr. Bilete er truleg tatt under krigen.

Marie Gerda (Maja) Goksøyr

Marie Gerda (Maja) Goksøyr var født i 1907 og vaks opp i Goksøyra saman med foreldra, 7 systre og ein bror. I ung alder utdanna Maja seg til sjukepleiar og arbeidde som dette i Trøndelag då krigen braut ut. Ho var ei periode med og stelte krigsskadde i Namsos. Dei fleste av desse var tyske soldatar. Ho reiste så sørover til Ålesund med tankar om å kome seg over til England for å kunne vere til hjelp med pleie av norske soldatar.

I denne perioden hadde ho kontakt med Johan Karl Farstad, Arne Skytterholm og Barsten-brødrene som var aktive i motstandsarbeidet og hadde hatt ei sentral rolle i arbeidet med å hjelpe folk over til Shetland. I august 1941 vart det så pass farleg for denne ‘eksport’-gruppa at fleire av deltakarane sjølv måtte flykte. Johan Karl og Arne tok difor 26. august 1941 Ulstein-båten “Hod” (M 1 U). Saman med seg hadde ei stor gruppe av andre som var på flukt. Båten vart truleg oppdaga av tyske fly og skoten i senk. Totalt var det 16 menn og 2 kvinner ombord.

Gjennom kontakt med Petter Joakim Runde fekk Maja vite at fleire grupper venta på skyss i Herøy. Ho reiste difor heimover og kom til Remøya. Neste dag vart ho med til Runde og gjekk ombord i “Rundø”. Etter ein litt strabasiøs tur kom dei til Shetland 21. september.

Etter eit opphald med forhøyr i London, og ein tur innom eit marinesjukehus på Island, kom Maja til det norske militærsjukehuset “Newlands House” i Dumfries i Skottland. Ho vart seinare overført til “Craiglockhart Hospital” i Edinburgh. Dette opna i februar 1942 og fungerte som eit hovudsjukehus for dei norske styrkane.

Ho var også eit år sjukesøster og husmor på Drumtochty Castle, folkeskulen for norske born som hadde flykta over til England. Kong Haakon opna denne skulen 2. november 1942, og Maja var truleg på skulen frå starten av.

Maja var også med å starte opp ei avdeling for tuberkuløse knytt til sjukehuset i Edinburgh, og seinare å flytte denne avdelinga til lokale i Dumfries. Sjukehuset tok mot pasientar med tuberkulose både frå hæren og marinen.

Siste perioden fram til freden var ho stasjonert på hovudsjukehuset i Edinburgh.

I fylgje informasjon frå Sjukepleien (nr. publisert 24.09.22) var det om lag 60 norske sjukepleiarar som gjorde teneste på sjukehus drevne av norske styresmakter i England under krigen.

Maja kom heim i september 1945 og busette seg seinare i Oslo.