Galleri Berge & Herøy Kystlag

TIL GALLERI BERGE

Mot vest for å kjempe

Losskøyta Rundø

18. september 1941

Norge kapitulerte for den tyske okkupasjonsmakta 10. juni 1940. Men alt før dette hadde norske ungdommar starta planlegging og arbeid for å reise vestover for å kjempe mot dei tyske styrkane. Eit viktig moment var å skaffe seg båt og utstyr som kunne klare turen over Nordsjøen. Kvar gruppe måtte ha med seg minst ein person som kunne handtere båtmotoren og nokon med tilstrekkeleg kunnskap om navigering til å finne kursen til Shetland eller Skottland.

Dei fleste båtane vart tatt ulovleg utan eigaren si godkjenning. I England vart dei stort sett tatt over av britiske styresmakter og sett inn i ymse frakt- og transportoppdrag. Nokre få fiskebåtar vart brukt til oppdrag attende til norskekysten.

Ungdommane som reiste vestover gjorde teneste i ulike einingar. Dei fleste gjekk inn i handelsflåten eller melde seg til teneste i Den norske marinen, men nokre av dei hadde si krigsteneste i hæren eller flyvåpenet.

Losskøyta “Rundø” med Rundebranden i bakgrunnen. Truleg fotografert ein gong på 1930-talet.

Losskøyta “Rundø”

Utover seinsommaren og hausten 1941 var det stadig nye personar som gjerne ville kome seg over Nordsjøen. Fleire hadde vore involvert i motstandsarbeid og var kome i søkjelyset til tyske styresmakter. Andre ville kome seg ut for å gjere krigsteneste. Fleire grupper av personar samla seg etter kvart i området ved Skorpesundet, dels organisert frå Ålesund og dels med hjelp av lokale folk i Herøy. Det var ei stor gruppe på 11 personar får Oslo, og ei mindre gruppe på 5 frå området ved Bergen og Voss. Samstundes var det 6 personar i Ålesundsområdet som trenge å kome seg vekk, og i Herøy hadde både Lydia Remøe og Marie Gerda (Maja) Goksøyr planar om å kome seg vestover.

I tillegg til dette var to etterretningsagentar, Inge Kiran og Gunnar Rødstand, i Herøy og venta på retur etter fullførte oppdrag i Norge.

Petter Joakim Runde (født 1906) hadde fleire år med erfaring frå både fiske og utanriksfart, og hadde gått styrmanns- og skipperskule i Ålesund. Han kom tidleg med i arbeidet for å hjelpe folk som måtte røme frå landet og i september 1941 hadde han prøvd å hjelpe gruppa av folk frå Oslo som låg fast i Skorpesundet.

Planen vart å ta losskøyta “Rundø”, med Petter Joakim sjølv som skipper og ein i gruppa frå austlandet skulle vere maskinist. Om kvelden 18. september vart losskøyta henta ut frå hamna på Runde og alle gruppene vart samla om bord.

Sigvald og Aksel Remø, faren og broren til Lydia Remøy, skyssa folket frå Remøy til Runde. Dei hadde ikkje planar om å vere med over til Shetland. Men han som skulle vere maskinist, hadde ikkje greie på den aktuelle typen båtmotor og klarte ikkje å starte den. Utan maskinist var Petter Joakim var svært usikker på om dei kunne reise. Løysinga vart at Aksel, som hadde litt greie på båtmotorar, skulle vere med vestover som maskinist. Då “Rundø” setter kursen mot nordvest var det difor 28 personar ombord. Dei fekk motorstopp ved Shetland, men sette segl mot land. Siste biten fekk dei hjelp av ein slepebåt. Dei kom til Shetland 21. september 1941.

Inge Kiran vart tatt til fange på det neste oppdraget i oktober 1941, og sendt til fangeleir i Tyskland. Han døde der av tuberkulose 15. april 1942. Gunnar Rødstange miste livet om bord på Herøybåten “Mars” som vart bomba og skutt i senk av tyske fly 10. april 1942.