Galleri Berge & Herøy kystlag
Familien Nærø utanfor huset i Straumen i oktober 1945. Frå venstre står Gerd Inger, August, Ingeborg og Axel Nærø. Axel Nærø seilte ut under begge verdskrigane og overlevde 2 torpederingar under 1. verdskrig. Frå 1939 til 1941 var han kaptein på “Hada Country” og resten av krigen på “Ogna”. Begge båtane tilhøyrde rederiet Mowinckel i Bergen.
August Nærø (1920 - 1977)
August Nærø var født 24. mai 1920 og var berre 19 år då krigen tok til i april 1940. Han hadde tatt kystskipperskule og gjekk hausten 1940 på styrmannsskule i Ålesund. Men i løpet v jula 1940 bestemte han seg for å droppe ut av skulen og heller sjå om han kunne kome seg over til England for å bidra i krigen. Mange ungdomar på austre delen av Bergsøya hadde tankar og planar om å reise vestover, men då “Mars” sette kurs for Shetland 18. januar 1941 var dei berre 4 om bord. Saman med August var det søskenbarnet Ivar Lund Brekke som berre var 18 år gammal og dei 5 år eldre kompisane Gunnvald Bergsnes og Mindor Berge. Alle fire hadde vore med på sjø og fiskeri i fleire år, og hadde kunnskapar om å ta seg fram over havet. I tillegg var Gunnvald godt kjente familiebåten “Mars” og fungerte som skipper, medan Mindor med si maskinerfaring var fullt kapabel til å handtere motoren.
Turen over Nordsjøen til Shetland gjekk så fort at dei faktisk var framme på Shetland før faren til Gunnvald måtte varsle lensmannen om at båten var borte.
Dei fire kompisane gjekk 3 turar attende til Norge i løpet av februar og mars. Først to gongar med “Mars” og så ein tur med “Vita”. Etter dette gjekk Gunnvald over i anna teneste og August tok over som skipper. I april førte han “Mars” på ein tur til Bulandet saman med Mindor og Ivar. I mai vart det først ein tur attende til Bulandet med to agentar og deretter heilt i slutten av mai ein tur til Hordaland for å hente 9 flykningar. Begge desse turane vart gjennomført med “Blia” og med Mindor og Ivar som del av mannskapet.
I løpet av sommaren 1941 reiste August til London og fullførte utdanninga som styrmann på den norske skulen som eksilregjeringa hadde oppretta. August var tilbake på Shetland i august 1941 og heldt fram som skipper på “Aksel”. Dei neste månedane gjekk ha tre turar til Norge. Han vart deretter på nyåret sendt til treningsleiren Stodham Park i Skottland. Her tok han til 8. februar 1942 saman med nokre andre i Shetlandsgjengen og folk som skulle inn i Kompani Linge. I tillegg til hard fysisk trening fekk dei også opplæring i bruk av sprengstoff, sabotasje, nærkamp, våpenbruk, kommunikasjon og anna som kunne vere nyttig for den som skulle operere bak fienden sine linjer.
Etter gjennomført opplæring kom August Nærø tilbake til Shetland og vart skipper på “Heland”. Med denne båten, og eit nytt mannskap, gjennomførte August ein tur til Træna i april 1942. Det vart også nokre turar med “Heland” i løpet av den sesongen med skøytetrafikk over Nordsjøen. Frå sommaren 1943 fekk Shetlandsgjengen ta over tre nye ubåt-jagarar og August vart 3. kommanderande på “Hessa”. I fylgje arkiva gjorde “Hessa” 29 turar til Norge, men det er uklart kor mange av desse August Nærø var med på.
Med si lange erfaring frå skøytetrafikken vart August Nærø på slutten av 1944 tatt ut til å vere med i arbeidet med planer for å bruke nokre av dei gamle fiskeskøytene til oppdrag i Finnmark og Troms. Planen involverte Kompani Linge og skulle dels leiast av Jan Baalsrud, den einaste som overlevde angrepet på “Brattholm”. Planane vart skrinlagt i januar 1945 og August kom då attende ombord på “Hessa”.