Galleri Berge & Herøy kystlag

Mindor Joakim Berge saman med systrene Martha (venstre) og Oleiv (høgre). Bilete er frå november 1938. Oleiv døde sommaren 1939.

Mindor Berge (1916 - 1942)

Mindor Berge var med i krigen i Norge i april 1940 og tok del i trefningar med tyske styrkar både ved Dombås og nedover Gudbrandsdalen. Han kom seg etter kvart heim til Herøy via Otta-dalen, Grotli og Geiranger. Utover hausten 1940 var Mindor ein av fleire kameratar og kjenningar i Herøy som diskuterte korleis dei kunne kome seg vestover. Og på nyåret 1941 vart planane sett ut i livet.

I fylgje broren til Mindor, Paul Berge, var det fleire som vurderte å vere med, men då “Mars” reiste vestover var det dei fire kameratane Mindor Berge, Gunnvald Bergsnes, Ivar Lund Brekke og August Nærø som var ombord. Paul har også fortalt at faren til Mindor, Kristoffer Berge, var involvert og hjalp dei med sjøkart og planlegging av reiseruta. Alle dei fire ungdomane var vante til sjø og fiskeri, Gunnvald kjente i tillegg godt til båten og Mindor skal ha vore maskinkyndig og kunne fungere som maskinist. Karane hadde også nødvendige kunnskapar om navigering.

Dei tre første turane attende til Norge gjorde Mindor saman med kameratane og med Gunnvald Bergsnes som skipper, deretter vart fleire turar med August Nærø som skipper. På desse turane var det skøytene “Mars”, “Vita”, “Blia” og “Aksel” som vart brukt.

I november og desember 1941 førte Bård Grotle “Erkna” på to turar til Norge. På begge turane var Mindor med som mannskap og han held etter dette fram som mannskap saman med Grotle på nokre turar med “Aksel”. Tilsaman gjorde Mindor 14 turar over Nordsjøen fram til sommaren 1942.

Alt i siste halvdelen av august 1942 var Mindor attende på norskekysten. Saman med bergensaren Per Blystad reiste dei nordover vestlandskysten til Sunnmøre for å skaffe oppdatert informasjon om militære anlegg og aktivitetar. Dei reiste med ein liten båt, snekka “Sjø” på berre 30 fot. Dei kom velberga over Nordsjøen, gjorde sine observasjonar nordover og kom siste dagane av august til Herøy. Der la dei seg til dels i Skorpesundet og dels i Mjeltevika på vestsida av Bergsøya. I fylgje Paul Berge var faren Kristoffer natta til 4. september ombord hjå dei to karane i Mjeltevika, hjalp dei med nokre motordelar og prata sonen til det vart morgon.

8. september vart båten observert frå Skorpa på veg sørover mot Stad. Etter dette er det einaste sikre at dei aldri kom seg attende til Shetland med informasjonen dei hadde samla. Den dagen dei reiste sørover bles det opp til storm og det er difor mogleg at den vesle båten ikkje klarte turen rundt Stad.

Likevel er det informasjon og observasjonar som tyder på at dei kom vel fram til området rundt Måløy, og at dei vart stoppa av ein tysk patruljebåt i nærleiken av Silda. I fylgje Paul Berge snakka faren Kristoffer Berge med ein postbåtførar som meinte å ha sett “Sjø” bli praia av tyske soldatar ein sein kveld rundt 10. september. Det gjekk også rykte om at dei to var tatt inn til Ulven ved Bergen, og seinare transportert til Tyskland. I fylgje Ueland vart ein annan motstandsmann i avhør spurt om sitt kjennskap til Per Blystad seint på hausten 1942, noko som kunne tyde på at Blystad var tysk fange.

Gjennomgangar av både norske og tyske arkiv etter krigen gir ingen svar. Der finst ikkje spor etter verken Mindor Berge eller Per Blystad. Ueland si hypotese er difor at dei enten forliste i uveret eller vart henretta av tyske soldatar umiddelbart etter at dei vart tatt til fange ved Måløy. Uansett kva skjebnen var, vart den femtande turen over Nordsjøen Mindor Berge sin siste tur. Han gav sitt liv for norsk fridom!

(Informasjonen er henta frå arkiv, Uleland, Ulstein og eit lenger intervju med Paul Berge, broren til Mindor Berge hausten 2023).