Galleri Berge & Herøy kystlag

Ivar Lund Brekke med maiblomst på jakkeslaget fotografert i mai 1939.

Ivar Lund Brekke (1921 - 1942)

Ivar Lund Brekke var den yngste av ungdommane som tok “Mars” over til Shetland. Han var født 7. oktober 1921 og var berre 19 år gammal då han reiste vestover saman med søskenbarnet August Nærø og dei litt eldre kameratane Mindor Berge og Gunnvald Bergsnes.

Ivar var med på alle turane attende til Norge som Gunnvald Bergsnes var skipper på, og var saman med Mindor med som mannskap på fleire turar med August Nærø som skipper. Turane vart gjennomført både med “Mars” og fiskeskøytene “Blia” og “Aksel”.

Sjølv om Ivar var ung, vart han eit viktig medlem av Shetlandsgjengen og i fylgje Ueland var han med på minst 14 turar attende til Norge. Dei siste turane ombord på fiskeskøyta “Aksel” med Bård Grotle som skipper.

6. desember 1942 gjekk “Aksel” til Nordmøre med 3 sabotørar som skulle angripe Orkla sine gruver ved Thamshavn. Oppdraget var vellukka, sabotørane kom seg vel i land og aksjonen vart gjennomført noko forsenka i slutten av februar 1942. Men på veg attende til Shetland fekk “Aksel” problem. Det er framleis ukjent kva som skjedde, men 9. desember sende dei ei kort melding om hjelp på sambandet som “Aksel” nyleg hadde fått montert. Mannskapet har deretter truleg gått i lettbåten medan “Aksel” sank i havet. Det vart sett i gong aksjonar for å kome redde mannskapet, både med omdirigering av båtar og med fly som prøvde å lokalisere dei. Morgonen 10. desember får ein Catalina visuell kontakt med mannskapet og droppar ein del forsyningar til mannskapet. Men veret er for dårleg til at dei kan lande, flyet må returnere til basen. Dette vert siste livsteiknet frå mannskapet på “Aksel”. Når redningsbåtane når fram til posisjonen er der ingen spor etter dei.

Om det var eit tysk flyangrep, ei mine eller båten som sprang lekk er ukjent. Uansett kosta forliset til “Aksel” livet til alle dei 6 som var ombord.