Galleri Berge & Herøy kystlag

Ingebrigt og Marie Bergsnes var foreldra til Gunnvald Bergsnes. Ingebrigt var eigar av fiskebåten “Mars” som sonen og kameratane brukte over til Shetland. Bilete er tatt i atelieret på Berge rett etter krigen.

Familien Bergsnes

Frå 1937 var fiskebåten “Mars” eigd av Ingebrigt Bergsnes og sønene Jon og Gunnvald. I kva grad Jon visste om at broren kom til å ta med seg “Mars” over til Shetland er ukjent, men faren Ingebrigt var ikkje klar over planane til sonen. I fylgje Paul Berge (bror til Mindor Berge) var derimot Kristoffer Berge, faren til Mindor Berge, involvert i førebuingane. Paul skal ha observert faren studere sjøkart saman med Mindor og Gunnvald fredagskvelden (eventuelt tidleg laurdagskvelden) før dei reiste i veg om kvelden 18. januar 1941.

Paul visste også at faren Kristoffer måndag morgon stoppa Ingebrigt på veg for å sjå etter båten, og bad han gå heim igjen og vente til neste dag. Dermed fekk karane eit ekstra døgn på seg, dersom noko hadde gått galt på vegen vestover, før det vart slått alarm om at båten var tatt.

Men det meste hadde fungert etter planen. Før alarmen gjekk i Herøy hadde Gunnvald ført “Mars” trygt over Nordsjøen og var vel framme i Baltasund på Shetland.

Gunnvald var skipper på 3 turar attende til Norge for Shetlandsgjengen i løpet februar og mars 1941. Først 2 gongar med “Mars” før han førte “Vita” ein tur til Herøy i slutten av mars månad. Mannskap på desse turane var dei tre kameratane frå Herøy som han hadde reist med “Mars”; Mindor Berge, Ivar Lund Brekke og August Nærø.

Gunnvald reiste etter dette til London og gjekk inn i handelsflåten. Først på nokre båtar som trafikkerte kysten mellom Wales og kanalen oppover mot Portsmouth. Seinare, 23. desember 1941, mønstra Gunnvald på bergensbåten “Fanefjeld”. Denne båten gjekk hovudsakleg i fraktfart mellom Skottland og Island. 27. mars 1942 går den frå Loch Ewe på vestsida av Skottland til Reykjavik og går vidare 3. april til Bildudal (vest på Island). Etter lossing i Bildudal går båten 8. april nordover med kurs for Isafjord. På denne turen forsvinn “Fanefjeld” og heile mannskapet utan at nokon veit sikkert kva som hadde hendt.

Etter krigen har det så blitt stadfesta at det var den tyske ubåten U-252 under leiing av kaptein Kai Lerchen som torpederte “Fanefjeld” på føremiddagen 9. april 1942. Gunnvald Bergsnes og alle dei andre ombord gjekk ned med båten denne dagen.