Galleri Berge & Herøy Kystlag
Mot vest for å kjempe
M 19 HØ, Mars
18. januar 1941
Norge kapitulerte for den tyske okkupasjonsmakta 10. juni 1940. Men alt før dette hadde norske ungdommar starta planlegging og arbeid for å reise vestover for å kjempe mot dei tyske styrkane. Eit viktig moment var å skaffe seg båt og utstyr som kunne klare turen over Nordsjøen. Kvar gruppe måtte ha med seg minst ein person som kunne handtere båtmotoren og nokon med tilstrekkeleg kunnskap om navigering til å finne kursen til Shetland eller Skottland.
Dei fleste båtane vart tatt ulovleg utan eigaren si godkjenning. I England vart dei stort sett tatt over av britiske styresmakter og sett inn i ymse frakt- og transportoppdrag. Nokre få fiskebåtar vart brukt til oppdrag attende til norskekysten.
Ungdommane som reiste vestover gjorde teneste i ulike einingar. Dei fleste gjekk inn i handelsflåten eller melde seg til teneste i Den norske marinen, men nokre av dei hadde si krigsteneste i hæren eller flyvåpenet.
“Mars“ fotografert på Holmefjorden i mars 1940.
Mars (M 19 HØ)
Fiskebåten “Mars” tilhøyrde Ingebrigt Bergsnes og låg ankra opp i ‘Klubben’ på Berge. Seint om kvelden 18. januar 1941 tok sonen Gunnvald Bergsnes, saman med kompisane Mindor Berge, Ivar Lund Brekke og August Nærø båten og reiste over til Shetland.
Dei fire hadde planlagt turen ei tid, og fekk hjelp av fleire til å kome seg i veg. I fylgje Paul Berge visste også Kristoffer Berge, far til Mindor, om at dei skulle reise. Kvelden før dei stakk av hjalp han dei med å sjå gjennom sjøkart og stikke ut kursen vestover.
Det var også folk både i Straumen og på Nærøya som var med å skaffe nødvendige forsyningar. Ungdomane kom til Baltasund på Shetland 20. januar, og vart sendt vidare til Lerwick.
I fylgje Ueland var det på dette tidspunkt store problem i den avdelinga som seinare fekk namnet Shetlandsgjengen. Det hadde vore utført 2 oppdrag. Det første var båten “Urd 2” som fekk returnere til Norge etter å ha skyssa nokre grupper med flykningar vestover. Dette var eit tysk infiltrasjonsforsøk og dei tre agentane som var med attende til Norge vart fanga og seinare henretta (etter krigen vart det klart at ansvaret for dette var opprulling av nettverket i Norge). Det andre oppdraget var med fiskebåten “Vita” for å sette i land ein kurer som skulle overlevere pengar til to nettverk. Sjølv om pengane vart overlevert til ein kontaktperson, er turen rubrisert som ‘mislukka’ (Ueland).
Med bakgrunn i desse episodene vart det stilt spørsmål ved heile skøytetrafikken attende til Norge, og britiske styresmakter vurderte å droppe heile aktiviten. Samstundes hasta det med å få ein agent, Karl Johan Aarsæther, i land slik at han kunne utføre eit viktig oppdrag i Ålesund.
Dei fire ungdommane frå Herøy får difor spørsmål om dei er kjende i området rundt Ålesund, og om dei er villige til å ta turen attende. Dermed legg “Mars” ut frå Lerwich 10. februar med Aarsæther om bord. Mannskapet er dei fire ungdommane får Herøy, med Gunnvald Bergsnes som skipper. Dei går til Oksebåsen i Giske, setter i land Aarsæther og ventar der medan han gjennomfører oppdraget i Ålesund. 17. februar er dei attende på Shetland med Aarsæther etter det første vellukka oppdraget for Shetlandsgjengen. Med Gunnvald Bergsnes som skipper gjer gutane ytterlegare 2 turar til Norge i løpet av februar og mars 1941. I april gjer “Mars” nok ein tur til kysten av Norge. Denne gongen med August Nærø som skipper.
“Mars” blir seinare tatt over av britiske SIS på basen i Peterhead i Skottland. I fylgje arkiva forlot “Mars” om kvelden den 6. april 1942 Naval Base Peterhead på eit SIS-oppdrag til norskekysten. Om ettermiddagen 10. april vart båten oppdagat av eit tysk fly, mest truleg frå Sola flyplass. Flyet angreip med mitraliøser og flybomber. Båten fekk ein fulltreffar, og sank med heile mannskapet på 6 nordmenn.
(Informasjon er henta arkivmateriale, Ueland, Ulstein og eit intervju med Paul Berge i 2023).