Galleri Berge & Herøy kystlag

Dankert Bostad i atelieret på Berge. Bilete er tatt i august 1939.

Dankert Bostad (1923 - 1965)

Dankert Bostad var av dei yngste som reiste til Shetland under krigen. Han var føst 13. juli 1924 og var altså berre 16 år då han var med og tok “Merkur” over Nordsjøen. Etter nokre røffe dagar på sjøen kom dei først til Orknøyane og seinare til Buckie i Skottland. Dankert reiste vidare til London saman med John Torgersen Myklebust. I London fekk dei begge to hyre på Tønsbergbåten M/T “Solsten”. Dei to var saman på denne båten fram til mars 1942. Båten gjekk i fraktfart over Atlanteren, nedover mot Gulfen og attende via Canada til England. Dei kryssa Atlanteren fleire gongar i konvoi løpet av denne tida.

Resten av 1942 var Dankert ombord på Oslobåten “Norholm” og deretter ombord på “Stiklestad” våren 1943. Begge båtane gjekk i fart over Atlanteren og nedover til Latin-Amerika.

Hausten 1943 var Dankert ombord på “Bergensfjord” som trafikkerte nedover Afrikakysten, inn i Middelhavet og gjennom Suez til India.

I siste delen av krigen var han attende i fraktfarten over Atlanteren og held fram med dette til han gjekk frå i september 1945.

Dankert kom heim til Herøy og busette seg på Myklebust.