Galleri Berge & Herøy kystlag
John Torgersen Myklebust. Bilete er tatt i juli 1939.
John Torgersen Myklebust (1923 - 1965)
John Myklebust var født 28. februar 1923 og hadde akkurat fylt 18 år då han var med og tok “Merkur” over Nordsjøen. Dei kom først til Orknøyane og seinare til Buckie i Skottland. Etter nokre dagar fekk dei reise vidare til London. John, saman med Dankert Bostad, fekk hyre på Tønsbergbåten M/T “Solsten”. Dei to var saman på denne båten fram til mars 1942. Båten gjekk i fraktfart over Atlanteren, nedover mot Gulfen og attende via Canada til England. Dei kryssa Atlanteren både i konvoi og åleine.
John starta som byssegutt den første tida på “Solsten”, men vart seinare smørar og så motormann. Ved ankomst til Wales i mars 1942 skilde John lag med Dankert. Han mønstra deretter på Oslobåten M/T “Bralanta”.
Gjennom resten av krigen gjorde han teneste på norske båtar, og kryssa Atlanteren i konvoi svært mange gongar. Alle av- og påmønstringane var i New York eller Philadelphia.
John kom ein tur heim til Herøy i 1947, men hadde funne seg godt til rette på andre sida av Atlanteren, og reiste attende til Amerika etter ei kort tid i Norge.