Galleri Berge & Herøy Kystlag
Mot vest for å kjempe
M 200 HØ, Merkur
17. mars 1941
Norge kapitulerte for den tyske okkupasjonsmakta 10. juni 1940. Men alt før dette hadde norske ungdommar starta planlegging og arbeid for å reise vestover for å kjempe mot dei tyske styrkane. Eit viktig moment var å skaffe seg båt og utstyr som kunne klare turen over Nordsjøen. Kvar gruppe måtte ha med seg minst ein person som kunne handtere båtmotoren og nokon med tilstrekkeleg kunnskap om navigering til å finne kursen til Shetland eller Skottland.
Dei fleste båtane vart tatt ulovleg utan eigaren si godkjenning. I England vart dei stort sett tatt over av britiske styresmakter og sett inn i ymse frakt- og transportoppdrag. Nokre få fiskebåtar vart brukt til oppdrag attende til norskekysten.
Ungdommane som reiste vestover gjorde teneste i ulike einingar. Dei fleste gjekk inn i handelsflåten eller melde seg til teneste i Den norske marinen, men nokre av dei hadde si krigsteneste i hæren eller flyvåpenet.
“Merkur“ ved innseglinga til Fosnavåg fotografert i mars 1936.
Merkur (M 200 HØ)
“Merkur” hadde sin faste ankerplass ved sjøbua til Gabriel Berge på Eggesbønes. Gabriel døyde i januar 1941, men sonen Magnus hadde tatt over ansvaret for båten. Natta til 18. mars 1941 tok tre ungdomar frå Eggesbønes og Myklebust båten. Dei tre var Reidar Eggesbø, John Myklebust og Dankert Bostad. Dankert var berre 16 år gammal, Reidar var 17 år og John hadde akkurat fylt 18 år i februar.
Frå Herøy var også Kåre Jentoft Zahl med. Han var opprinneleg frå Alstahaug i Stjørdal, men arbeidde som dreng hjå Sigvald Eggesbø. Frå sommaren 1941 reiste han til Little Norway og var resten av krigen mannskap i det norske flyvåpenet.
Litt av bakgrunnen for turen var også å hjelpe ein del folk som låg i dekning og venta på eit høve til å flykte vestover. Dei tre hadde gjennom handelsmannen Andreas Kopperstad i Fosnavåg vore i konktakt folk som trong hjelp både i Herøy, Dimna og Langevåg. Dei fekk hjelp av ein liten motorbåt for å kome seg ut frå Eggesbønes og gjekk deretter til Dimna og Langevåg for å hente folk. I fylgje Reidar Eggesbø kom dei seg først i 5-tida om morgonen endeleg i veg og kunne sette kursen ut frå kysten. På dette tidspunktet var det 25 personar om bord på “Merkur”.
Godt ute frå land kom det fram at ingen ombord hadde nok kunnskap om navigasjon og etter kvart var det ingen om bord som visste kvar dei var. Veret vart dårleg, og dei gjekk tome for både mat og drikke. Først etter 6 dagar såg dei land, utan å vite kvar dei var. Eit britisk sjøfly gav dei hjelp med retninga og dei gjekk som ved eit mirakel gjennom ei sterkt minelagt område. Først etter å fått kontakt med folk på land vart dei klar over at båten var komen til Westray på Orknøyane.
Etter at dei kom til England gjekk Reidar inn i hæren, medan Dankert og John gjekk inn i handelsflåten og segla i konvoi- og troppetransport resten av krigen.
“Merkur” vart sett inn i britisk teneste og var det meste av krigen i Island der den vart brukt til frakt og patruljering.
Etter krigen henta Magnus Berge båten attende til Herøy.