Galleri Berge & Herøy kystlag
Alfred Remøy i april 1935.
Alfred A. Remøy (1916 - 1982)
Alfred Remøy vart tidleg med i arbeidet for å hjelpe flyktningar over til Shetland og hadde i oktober 1940 tatt mot 5 karar frå austlandet som måtte kome seg over til England. Dei vart først plassert i eit ledig hus på Remøya medan ein venta på skyss over Nordsjøen. Seinare tok Alfred dei med til Skotholmen. I eit avhør i London i 1942 kjem Alfred med namna på fire av dei: Guy Owren, Eystein Fjærli, Marius Eriksen og Jan Haafsgaard. I tillegg var det truleg Bjørn Bjørnstad.
Dette var ei av gruppene med flykningar som vart henta av “Urd 2“ natta til 6. november 1940. I fylgje Ueland var det 3 slike små grupper med flyktningar som kom til Skotholmen og gjekk om bord i båten.
Rundt denne tida hadde fleire av kameratane til Alfred også gitt uttrykk for eit ynskje om å kome seg over Nordsjøen. Dette i kombinasjon med ei viss uro for at ein kunne bli tatt for å ha hjelpt flykningar, førte til ei rask avgjerd om å reise vestover. Og natta til 13. november reiste Alfred saman med 6 kameratar frå Remøya med “Brattholm I” over til Island.
Fram til “Brattholm I” i november 1942 vart tatt over av engelskmennen for å bli brukt i spesialteneste på norskekysten var Alfred skipper og ansvarleg for oppdraga båten hadde. Han gjekk deretter inn i Den norske marinen og vart etter noko utdanning sendt til Shetland som 3. kommanderande på MT-båten “Vigra”. Skipper på denne båten var Leif Andreas Larsen.
Frå januar 1944 og fram til mai 1945 er “Vigra” registrert med totalt 41 oppdrag til Norge, og i Ueland si oversikt er Alfred ført opp med tilsaman 40 turar i same perioden. Truleg var han med på alle turane “Vigra” gjorde attende til Norge.
Alfred held fram ombord på “Vigra” til februar 1946. Deretter kan han heim til Herøy og starta igjen som fiskar.
(Opplysningane er for ein stor del henta frå Sverre Remøy og Helge Håberg si bok “Skotholmen i Krigstid”)