Galleri Berge & Herøy Kystlag

Mot vest for å kjempe

M 172 HØ, Brattholm I

13. november 1940

Norge kapitulerte for den tyske okkupasjonsmakta 10. juni 1940. Men alt før dette hadde norske ungdommar starta planlegging og arbeid for å reise vestover for å kjempe mot dei tyske styrkane. Eit viktig moment var å skaffe seg båt og utstyr som kunne klare turen over Nordsjøen. Kvar gruppe måtte ha med seg minst ein person som kunne handtere båtmotoren og nokon med tilstrekkeleg kunnskap om navigering til å finne kursen til Shetland eller Skottland.

Dei fleste båtane vart tatt ulovleg utan eigaren si godkjenning. I England vart dei stort sett tatt over av britiske styresmakter og sett inn i ymse frakt- og transportoppdrag. Nokre få fiskebåtar vart brukt til oppdrag attende til norskekysten.

Ungdommane som reiste vestover gjorde teneste i ulike einingar. Dei fleste gjekk inn i handelsflåten eller melde seg til teneste i Den norske marinen, men nokre av dei hadde si krigsteneste i hæren eller flyvåpenet.

Tre av karane som reiste med “Brattholm I”.

Brattholm I (M 172 HØ)

Natta til 13. november 1940 var det 7 karar frå Remøya som sette til havs for å kome seg over til alliert teneste. Den yngste, Julius J. Remøy, fylte 18 år medan dei var på veg vestover og eldste mann Alfred A. Remøy vart 24 år litt tidlegare den hausten.

Alfred var medeigar i “Brattholm I” saman med brødrene Petter og Arthur Sævik. Dei to andre visste ikkje noko om at Alfred og 6 kameratar planla å stikke av. Natt til 13. november 1940 tok karane om bord forsyningar frå ulike stadar på Remøya og fekk hjelp av nokre vener til å slepe båten ut frå Remøya. Etter å ha passert Runde, sette dei kursen mot Island. Alfred var båtførar og kjende båten godt, men det hadde vore tatt ut noko ballast med tanke på eit frakteoppdrag, og dette gjorde at kompasset ikkje fungerte. Dermed kom karane ut av kurs. Turen vart difor lenger enn planlagt. Først etter 8 dagar kom dei fram til Island.

Dei 7 kameratane som reiste med “Brattholm I” var Alfred A. Remøy, Johan J. Remøy, Leonard Larsen, Klaus M. Sævik, Fritjof S. Remø, John G. Remøy og Julius J. Remøy.

Båten vart straks rekvirert av Royal Navy’s Sea Transport og sett inn i frakt av krigsmateriell langs kysten av Island. Alle 7 karane var med på dette i starten, men først Johan og seinare John mønstra av og reiste til London for å ta seg utdanning. Johan som styrmann og John som telegrafist. Begge seite ute i handelsflåten under resten av krigen.

I november 1942 vart båten tatt over av britiske myndigheiter på Shetland og sett inn i spesialteneste på Norskekysten. Mannskapet gjekk over i anna teneste. Fritjof gjekk til handelsflåten og mønstra i 19. januar 1943 på bergensbåten “Ingria”. B åten vart med i ein konvoi frå Loch Ewe på vestsida av Skottland 11. februar. Konvoien vart stadig utsett for angrep av tyske ubåtar, og i det 5 angrepet, 24. februar, vart “Ingria” treft av 2 torpedoar med 20 minutts mellomrom. Båten sank, men heile mannskapet vart redda av ein kanadisk korvett. Fritjof heldt fram i handelsflåten resten av krigen.

Julius og Leonard gjekk inn i Den norske marinen og fekk etter opplæring på Skegness teneste på jageren “Glaisdale”. Dei var først i patruljeteneste i Kanalen frå kysten av Frankrike og nedover til Gibraltar. I denne tida vart Leonard skada og hadde eit opphald på sjukehus, før han igjen gjekk ombord i “Glaisdale”.

Utover våren 1944 var det førebuingar til invasjonen i Normandie og “Glaisdale” hadde ei aktiv rolle som eskorte for minesveiparar og med klargjering for invasjonsflåten. Både Julius og Leonard var med under invasjonen i Normandie fram til “Glaisdale” vart minesprengd 23. juni 1944. Mannskapet klarte seg og båten vart etter kvart slept til England. Etter dette vart Leonard overført til minesveiperdivisjonen i Skottland og vidare til teneste i mellom Murmansk og Kirkenes. Julius kom også i teneste på minesveipar og gjorde teneste på kyrsten av Skottland fram til krigen slutta.

Etter at “Brattholm I” kom til Shetland vart Klaus sendt til treningsleiren i Skegness. Etter dette var han ei kort tid ombord på ubåten “Ula” før han kon over til minesveipardivisjonen i Skottland og hadde teneste på minesveiparane “Børtind” og “Karmøy”. Han vart dimittert i juli 1946.

Alfred hadde teneste på MTB-båtar og var mellom anna lenge 3. kommanderande på Vigra saman med skipper Leif Larsen (jf. eige bilete av Alfred).

Brattholm vart kanskje den mest kjende av Shetlandsbåtane. I april 1943 gjekk den til Toftefjorden i Troms med 4 agentar og eit mannskap på 8. Dei vart angitt og angrepet av tyske soldatar. Dei 11 av mannskapet som vart tatt til fange vart seinare henretta. Berre agenten Jan Baalsrud kom seg unna. Historia er m.a. gjenfortalt i filmane “Ni liv” og “Den 12. mann”.