Galleri Berge & Herøy kystlag

Peter Berge Sande i november 1938.

Peter Berge Sande (1921 - 1980)

Peter var berre 19 år gammal denne oktobernatta han reiste saman med Johannes Paulsen og Osvald Torvik med fiskebåten “Trygg”. Vel framme på Shetland ville dei alle tre prøve å kome inn i militærteneste og reiste saman til London. Johannes var for ung, berre var 16 år, og Peter vart heller ikkje godkjent. Dermed vart det berre Osvald som gjekk in i Den norske marinen.

Frå krigsseglarregisteret kan ein finne att både Johannes og Peter 6. november 1940 mønstra på tankskipet «Vivi». Dei var saman ombord på denne båten heilt til oktober 1942. Etter Nortraships sitt registeret gjorde denne båten ei heil rekkje med turar over Atlanteren i løpet av 1941, før dei i desember gjekk til Cape Town og vidare inn i Stillehavet. Etter dette gjekk båten mellom Gulfen opp til Suez, austkysten av Afrika, Australia og India.

I slutten av oktober 1942 kom båten til Melbourne. Då var Peter alvorleg sjuk og gjekk i land etter å ha vore om bord samanhengande i nesten 2 år. Johannes vart verande ombord til båten kom til Amerika igjen rundt nyttår 1943.

Peter var i land i Australia til mai 1943. Då var han frisk nok til å ta ny hyre og resten av krigen var han på norske båtar som var i fraktfart i Stillehavet mellom Australia, Gulfen, Indonesia og oppover til India.

Peter var vi periodar sjuk, og ser etter mannskapslistene ut til å ha oppheld seg tidvis i Australia. Eit par år etter krigen gifta han seg med Katleen Williams og busette seg hjå henne på New Zealand.

Han kom aldri heim til Norge og den oktobernatta i 1940 då han gjekk om bord i “Trygg” var siste gongen han sette sine bein på norsk jord. Han heldt likevel kontakta med familien i Norge, og faren var til New Zealand i 1973 for å besøke han og familien.