Galleri Berge & Herøy Kystlag

Mot vest for å kjempe

M 37 HØ, Trygg

14. oktober 1940

Norge kapitulerte for den tyske okkupasjonsmakta 10. juni 1940. Men alt før dette hadde norske ungdommar starta planlegging og arbeid for å reise vestover for å kjempe mot dei tyske styrkane. Eit viktig moment var å skaffe seg båt og utstyr som kunne klare turen over Nordsjøen. Kvar gruppe måtte ha med seg minst ein person som kunne handtere båtmotoren og nokon med tilstrekkeleg kunnskap om navigering til å finne kursen til Shetland eller Skottland.

Dei fleste båtane vart tatt ulovleg utan eigaren si godkjenning. I England vart dei stort sett tatt over av britiske styresmakter og sett inn i ymse frakt- og transportoppdrag. Nokre få fiskebåtar vart brukt til oppdrag attende til norskekysten.

Ungdommane som reiste vestover gjorde teneste i ulike einingar. Dei fleste gjekk inn i handelsflåten eller melde seg til teneste i Den norske marinen, men nokre av dei hadde si krigsteneste i hæren eller flyvåpenet.

Trygg på veg for å levere fiskelasten. Bilete er frå februar 1936.

Trygg (M 37 HØ)

I løpet av den lyse delen av sommarhalvåret var det vanskeleg å reise vestover mot Shetland. Men når dagane vart kortare ut på hausten 1940 var det fleire båtar som vart tatt av ungdommar frå Herøy.

Den første båten som reiste hausten 1940 var fiskekutteren “Trygg”, M 37 HØ. Eigar var Johannes O. Torvik.

Tidspunktet varierer litt i kjeldene, men mest truleg var det natta til 14. oktober 1940 at Osvald Torvik, Peter Berge (Sande) og Johannes Paulsen sette kursen mot vest. Alle dei tre gutane var frå Bølandet. Osvald og Peter var 19 år gamle, medan Johannes ikkje var meir enn 16 år gammal (født 4. mars 1924)!

Osvald Torvik gjekk inn i Den norske marinen og hadde tenesta si fleire norske jagarar. I løpet av krigen deltok han krigshandlingar både langs austkysten av England, i Middelhavet, Nord-Afrika, Kanalen og under invasjonen i Normandie. Han kom heim i juli 1945.

Johannes Paulsen prøvde å kome inn i marinen, men var truleg for ung til at dei ville rekrutere han. I staden melde han seg til handelsflåten og tok hyre saman med Peter på tankskipet “Vivi”. Dei to var i lag ombord i denne båten til Peter vart alvorleg sjuk og gjekk i land i Melbourne. Johannes var ombord vidare fram til han gjekk frå då båten kom til Amerika. Seinare var han på Risørbåten “Alar”. Rundt årsskiftet 1943/44 utdanna Johannes seg til marineskyttar og hadde slik teneste resten av krigen. Siste delen av krigen med forsyningar i Middelhavet. Han kom heim til Herøy i desember 1945.

(Informasjon om Peter Berge Sande er tatt med under anna bilete)