Galleri Berge & Herøy Kystlag

Kapring på ope hav

M 149 HØ, Storegg I

Slutten av juli 1943

Ei litt spesiell episode skjedde siste dagane i juli 1943. Tre båtar frå Nerlandsøya låg ute på fiskefeltet og fiska då det dukka opp nokre norske MT-båtar.

Den eine av fiskebåtane, «Storegg», hadde radiosendar og dette gjorde det vanskeleg for mannskapa på MT-båtane å berre dra vidare. Etter noko diskusjon vart resultatet at dei tre fiskebåtane vart tatt med over til Shetland.

Saman med båtane var det 14 menn frå Nerlandsøya, 2 frå Flåvær og ein frå Frøya som reiste. På Shetland vart mannskapa rekruttert til Den norske marinen og dei gjorde teneste der resten av krigen.

M 149 HØ, “Storegg I” ligg ankra opp ved Nerlandsøya. Bilete er frå august 1941.

M 149 HØ, “Storegg I”

Mads Kvalsund gifta seg i 1930 med Anna Sørensdatter Flatval frå Frøya og budde der frå 1932. Mads dreiv mellom anna med fraktefart med båten “Dimnøy”. I 1938 flytta Mads og Anna til Kvalsund og båten vart registrert i Ålesund skipsregister som M 149 HØ "Storegg I”, og med Anna Sørensen Kvalsund som eigar.

På turen etter håbrand i juli 1943 var det Mads som var skipper. Mannskap på turen var brødrene hans Ole, Rolf og Steinar Kvalsund, samt svogeren Jorg Sørensen Flatval. Jorg var broren til Anna.

Av ukjent grunn hadde “Storegg I” fått monter inn radiosendar, og denne var ikkje konfiskert av tyske mynde. Det var dette som var hovudårsaka til at MT-båtane dei traff ute på fiskefeltet ynskte å ta den med attende til Shetland. Samstundes kunne dette verte farleg for mannskapa på “Lun I” og “Delfin”. Det enda difor med at alle tre båtane vart tatt med over Nordsjøen.

Etter avhøyr fekk alle ombord teneste i marinen og sendt til treningsleiren i Skegness. Etter returen til Shetland hadde Mads først teneste i land som sjef for eit forsyningsdepot, deretter vart det fleire aktive oppdrag attende til kysten av Norge.

Dei fire andre gjekk rett til teneste ombord i dei norske MT-båtane, og hadde mange turar over Nordsjøen. Både Steinar og Rolf fortalde også om deltaking i kamphandlingar i Den engelske kanalen, særleg i tida rundt invasjonen i Normandie. Slik deltaking i krigshandlingar gjaldt truleg også for Ole og Jorg.

Foreldra til Mads, Steinar, Ole og Rolf hadde frå før 2 andre søner som hadde reist ut i krigen. Trygve og Jakob reiste i oktober 1941 med “Kvalsund”. Dei gjekk til handelsflåten og seilte ute under heile krigen.

Josefine og Sæmund Kvalsund hadde altså 6 søner ute i krigen. I tillegg hadde også svigersonen Alfred Kvalsund dratt saman med Trygve og Jakob, og som dei gått inn i handelsflåten.