Galleri Berge & Herøy kystlag
Sigurd og Kornelius Kvalsund i atelieret på Berge etter at dei begge kom heim frå krigen. Bilete er tatt i juli 1945.
Sigurd Kvalsund (1893 - 1982) og
Kornelius Kvalsund (1924 - 1995)
I juli 1943 var far og son, Sigrurd og Kornelius Kvalsund, om bord på “Lun I”. Dei kom i lag til Shetland og reiste vidare saman med dei andre frå båtane til London og avhøyr. Seinare kom dei i lag til Skegness.
Etter dette skilte dei lag. Kornelius kom ombord i MT-båtane og gjorde teneste der resten av krigen. Første tida var han med i Den engelske kanalen og opplevde fleire angrep og kampar mot tyske fartøy. Under eit angrep i april 1944 vart han treft av skot i begge lungene. På sjukehuset fekk dei fjerna dei fleste stålsplintane, men nokre kunne dei ikkje ta ut. Etter at Kornelius vart friskmeldt gjekk han på nytt ombord i MT-båtar, men vart no sendt nordover til Shetland for teneste langs kysten av Norge. Kornelius var med MT-båtane som kom til Fosnavåg 16. mai 1945 og stod om bord til han vart dimittert desember 1945.
Sigurd var av dei eldre som kom over til Shetland i løpet av krigen. Han hadde fylt 50 år i mai 1943 og var ein svært erfaren sjømann og fiskar. Han fekk ikkje teneste på MT-båtane, men gjekk ombord på ei skøyte som trafikkerte mellom Shetland og Skottland. Seinare vart han henta til basen på Peterhead og fekk ansvar ombord på Herøyskuta “Kvalsund”. I desember 1944 vart “Kvalsund” og to andre skøyter sendt til Finnmark med forsyningar i samband med frigjeringa. Resten av krigen bidrog dei med transport og frakt mellom Murmansk og allierte styrkar i Finnmark. “Kvalsund”, med Sigurd om bord, var også med på evakueringa av Sørøya i februar 1945. Over 500 sivile som hadde overvintra i fjellhuler etter den tyske brenninga av Finnmark vart henta til Murmansk og seinare sendt til Skottland.
Etter frigjeringa var han med på å ta “Kvalsund” attende til Herøy.
Etter krigen var Kornelius aktivt med i arbeidet for økonomisk stønad til dei med krigsskade og til etterlatte etter dei som mista livet under krigen.