Galleri Berge & Herøy Kystlag

Kapring på ope hav

M 38 HØ, Lun I

Slutten av juli 1943

Ei litt spesiell episode skjedde siste dagane i juli 1943. Tre båtar frå Nerlandsøya låg ute på fiskefeltet og fiska då det dukka opp nokre norske MT-båtar.

Den eine av fiskebåtane, «Storegg», hadde radiosendar og dette gjorde det vanskeleg for mannskapa på MT-båtane å berre dra vidare. Etter noko diskusjon vart resultatet at dei tre fiskebåtane vart tatt med over til Shetland.

Saman med båtane var det 14 menn frå Nerlandsøya, 2 frå Flåvær og ein frå Frøya som reiste. På Shetland vart mannskapa rekruttert til Den norske marinen og dei gjorde teneste der resten av krigen.

M 38 HØ, “Lun I” ligg ankra opp ved Nerlandsøya. Bilete er frå august 1941.

M 38 HØ, “Lun I”

Fiskebåten “Lun I” var i juli 1943 eigd av Oluf K. og Karl O. Teige saman med Sigurd M. og Paul J. Kvalsund. Til vanleg var Paul skipper ombord, men på denne turen ut på feltet for å fiske håbrand var det sonen til Oluf, Konrad Teige, som hadde denne rolla. Mannskapet elles var Sigurd Kvalsund, Kornelius Kvalsund, Joakim Kvalsvik, Kåre Jan Kvalsvik og Kåre Ostnes.

Etter ankomst til Shetland, og dei obligatoriske forhøyra i London, vart alle seks sendt nokre veker på rekruttskule i Skegness. Deretter vart det teneste på MT-båtane for dei fleste av dei.

Kåre Jan Kvalsvik var først stasjonert i Irskesjøen og var seinare med på invasjonen i Normandie. På slutten av 1944 vart han utdanna som signalmann og kom ombord i ein minesveiparen “Tromsøy” som hadde teneste på kysten av Finnmark. Han heldt fram i marinen til april 1946.

Også Joakim Kvalsvik og Kåre Ostnes var med på invasjonen i Normandie ombord i MT-båtar, men var mesteparten av tida i teneste langs kysten av Norge. Kåre fortalde at han fleire gongar var i områda ved Herøy og han fekk ein gong sendt brev heim til kona. I juli 1943 hadde han berre vore gift i ein månad, ogs skulle eigentleg ikkje vere med på turen med “Lun I”. Joakim fekk seinare ei skade i ryggen og var ei tid på sjukehus, men kom seg tilbake i aktiv teneste. Han kom attende til Norge med ei fiskeskøyte i mai 1945.

Med sin bakgrunn fekk Konrad raskt etter opphaldet på Skegness teneste som styrmann og hadde mellom anna teneste som fast rormann på ubåtjagaren “Vigra” under kommando av Leif Larsen. Etter den tyske kapitulasjonen 8. mai 1945 tok Konrad over kommandoen på “Lun I”. Dei lasta varer for Norge og gjekk saman med fleire andre fiskebåtar over Nordsjøen til byane på sørvestlandet og vidare til Oslo. Far til Konrad, Oluf Teige, kom sjølv sørover til Oslo og var med på turen med “Lun I” heim til Herøy.

(Informasjon om Sigurd og Kornelius Kvalsund under eige bilete).