Galleri Berge & Herøy kystlag
Brødrene Rasmus og Herlof Warholm fotografert i atelieret på Berge i starten av oktober 1941.
Rasmus Warholm (1918 - 1975) og Herlof Warholm (1920 - 1997)
Rasmus var med som mannskap på fiskebåten Delfin i slutten av juli 1943 då den vart kapra av norske MT-båtar og tatt med til Shetland. Etter dei vanlege avhøyra i London gjekk Rasmus, som dei andre frå “Delfin”, inn i Den norske marien og var sendt til rekruttskule i Skegness. Etter dette vart det teneste på MT-båtar, ei teneste som Rasmus hadde gjennom heile krigen til han kom heim i mai 1945. Store delar av tida var han saman med søskenbarnet Gustav Warholm. Dei opererte langs norskekysten og dels nedover mot Den engelske kanalen. Han var med på fleire trefningar og torpodering av tyske skip. Særleg kampane i kanalen kunne vere heftige og gå hardt ut over både båtar og mannskap.
Broren Herlof stakk til Shetland året etter. Saman med Erling Aursnes, Jon Kvalsund, Magnus Kopperstad og Odd Kopperstad tok dei 10. juli fiskebåten “Lom”. Herlof gjekk inn i marinen og utdanna seg til kanonskyttar. Han fekk teneste på den norske jagaren “Arendal” . Dei gjennomførte stort sett patruljeteneste i Den engelske kanalen og hadde fleire harde trefningar og kampar med tyske MT-båtar (E-boats) og tyske ubåtar.
I mai 1945 seilte “Arendal” i spissen for den norske flotiljen som førte kronprins Olav til Oslo.
Herlof kom attende til Herøy og busette seg på Varholmen.