Galleri Berge & Herøy kystlag

Gustav Warholm fotografert i atelieret på Berge i starten av juli 1943.

Gustav Warholm (1922 - 1952)

Gustav var med som mannskap på fiskebåten Delfin i slutten av juli 1943 då den vart kapra av norske MT-båtar og tatt med til Shetland. Etter dei vanlege avhøyra i London gjekk Gustav 8. august 1943 inn i Den norske marien og var sendt til rekruttskule i Skegness. Etter dette vart det teneste på MT-båtar som dels opererte langs norskekysten og dels nedover mot Den engelske kanalen. Han var med på fleire trefningar og torpodering av tyske skip. Særleg kampane i kanalen kunne vere heftige og gå hardt ut over både båtar og mannskap. Det meste av tida var Gustav saman med søskenbarnet Rasmus Warholm. Dei hadde vore i lag ombord i “Delfin” og holdt saman både på Skegness og det meste av tida ombord på MT-båt.

Våren 1945 søkte Gustav seg over til Peterhead. Han ville vere med på nokre fiskeskøyter som skulle gå til Nordnorge. Medan dei arbeidde med å klargjere fiskeskøytene kom den tyske kapitulasjonen. Gustav kom difor over til Norge med fiskebåten “Heland” 16. mai 1945, og reiste etterkvart heim til Herøy.

Gustav gifta seg med Svanhild Sigvaldsdotter Moltu. I 1952 var Gustav med ishavsskuta Pels og omkom i Vestisen i april det året. Svanhild sat igjen åleine med ein gut på 4 år og var i tillegg gravid. I desember fekk ho ein gut som ho kalle opp etter faren; Gustav Sigvald.