Galleri Berge & Herøy kystlag

Terje Teige fotografert rett etter krigen.

Terje Teige (1918 - 1985)

Terje Teige byrja ombord i fiskebåten “Delfin” rett etter at han var konfirmert i 1932. Faren Knut Teige var skipper og fleire av familien var med som mannskap. I løpet av 1935 gjekk Terje eit navigasjonskurs som vart arrangert på Nerlandsøya, og året etter tok han over som skipper på fiskebåten “Delfin”. Faren døyde alt i 1937, og saman med broren Kåre tok Terje etter kvart over faren si part i “Delfin”.

Som dei andre vart også Terje sendt først til Skegness, og så vidare for å gjere teneste på dei norske MT-båtane. Med sin bakgrunn frå navigasjon, erfaring som skipper på “Delfin” og med svært godt kjennskap til delar av norskekysten fekk Terje spørsmål om å bli los eller kjentmann på MT-båtane. Medan dei fleste andre hadde lenger perioder på same båten, var kjentmennene innom mange båtar alt etter behov. Terje var stasjonert på basen i Lerwick. Der var det 10 norske MT-båtar og som regel 10 britiske. Dei var tre losar. Saman med Terje var det Hans Feie og Jakob Sandøy frå Romsdalen. Oppdraga for MT-båtane varierte ein del. Ein type oppdrag var levering av utstyr eller agentar som skulle til Norge. Andre gongar var det henting av flyktningar eller informasjon som skulle attende over Nordsjøen. I desse oppdraga gjekk dei heilt inn til kysten og ikkje sjeldan vart dei liggande kamuflert for å vente på kontaktpersonar eller andre som dei skulle treffe.

Andre gongar var oppdraget å angripe tyske konvoiar som gjekk med forsyningar langs kysten av Norge. Ofte gjekk ein inn til kysten i løpet av natta og la seg klar i skipsleida i ly av mørket. Når konvoien kom vart det angrepe både ved hjelp av torpedoar, med kanonene båtane var utstyrt med eller ein kombinasjon av begge typane angrep. Uansett gjaldt å kome seg vekk så fort som råd etter angrepet. MT-båtane hadde god fart, og med losar som var godt kjent i farvatnet hadde ei ein stor føremon i møte med tyske båtar.

I fylgje krigsregistera gjennomførte dei norske MT-båtane i alt 161 oppdrag på norskekysten, frå Trondheim i nord til Kristiansand i sør. I løpet av krigen senka dei i alt 27 skip, herav 7 krigsfartøy. Dei sende i veg 97 torpedoer og 57 av desse traff sine mål.

Men innsatsen hadde sine kostnadar. Åtte MT-båtar gjekk tapt som følge av brann, sjøskade og eksplosjonar. Av mannskapa døydde 20 mann i artillerikamp, eksplosjonsulykker, ved bombing og henretting etter at dei vart tatt av tyske styrkar.

Terje var los heilt fram til krigen slutta og var på veg i nytt oppdrag då freden kom 7. mai 1945. Han gjorde omlag 40 turar til kysten av Norge og var med på mange av angrepa som senka tyske fartøy.

Han kom attende til Herøy etter krigen, gifta seg i 1947 med Johanna Sigurdsdatter Strand og busette seg i Fosnavåg.

For meir om historia til Terje Teige kan ein lese i Harald Thorseth (2001): “God teft - kronet med hell.”