Galleri Berge & Herøy Kystlag
Kapring på ope hav
M 120 HØ, Delfin
Juli 1943
Ei litt spesiell episode skjedde siste dagane i juli 1943. Dei tre fiskebåtane “Delfin”, “Storegg I” og “Lun I” låg ute på fiskefeltet og fiska då det dukka opp nokre norske MT-båtar. Alle tre båtane var frå Nerlandsøya og mannskapet var stort sett derifrå.
Den eine av fiskebåtane, «Storegg I», hadde radiosendar og dette gjorde det vanskeleg for mannskapa på MT-båtane å berre dra vidare. Dei ville difor ta med “Storegg I” over til Shetland. Men dette kunne sette mannskapa på dei to andre båtane i fare om dette vart kjent av dei tyske styresmaktene. Etter noko diskusjon vart resultatet at difor at alle dei tre fiskebåtane vart tatt med over til Shetland.
Saman med båtane var det 14 menn frå Nerlandsøya, 2 frå Flåvær og ein frå Frøya som reiste. På Shetland vart mannskapa rekruttert til Den norske marinen og dei gjorde teneste der resten av krigen.
M 120 HØ, “Delfin” ved Brødrene Nerem sin verkstad. Bilete er truleg frå slutten av 1920-talet.
M 120 HØ, “Delfin”
På turen i 1943 var det Terje Teige som var skipper på “Delfin”. Saman med seg hadde han broren Kåre Teige, Bernhard Teige, Karl A. Teige, Gustav Warholm og Rasmus Warholm.
Etter ankomst til Shetland, dei obligatoriske forhøyra og for dei fleste nokre veker på rekruttskule i Skegness, gjekk dei inn i Den norske marinen. Unntaket var Bernhard Teige. Han var så gammal (født i 1896) at han vart fritekne frå direkte krigsteneste. I staden vart han med som vaktpersonale i London. Seinare reiste han til Buckie, dreiv litt med fiskeri og jobba ei periode på den norske slippen.
Kåre Teige var den yngste ombord, berre 17 år då dei kom til Shetland. Etter rekruttskulen fekk han teneste på den norske basen, før han gjekk over til å vere med på transportteneste på vestkysten av Skottland.
Søskenbarna Rasmus og Gustav Warholm kom saman ombord på ein MT-båt. Dei var både involvert i aksjonar langs kyusten av Norge og deltak frå sommaren 1944 i krigshandlingane i Kanalen. Gustav søkte seg seinare over til teneste med fiskeskøyter og var ei periode stasjonert på Peterhead. Rasmus vart verande på MT-båten til krigen var over.
Karl Teige kom også ombord i ein MT-båt etter rekruttskulen i Skegness. Først i teneste på irskekysten og så nedover i samband med invasjonen i Frankrike. Han deltok i fleire harde kampar. Seinare vart båten sendt nordover til Lerwick og aksjonar til norskekysten.
Terje Teige, som hadde mykje erfaring som skipper, vart etter rekruttskulen i Skegness rekruttert til teneste som los eller kjentmann på MT-båtane. Særleg dei engelske båtane var heilt avhengige av norske kjentfolk for å kunne gjennomføre oppdraga sine inn til kysten av Norge (jf. under bilete av Terje Teige).