Galleri Berge & Herøy Kystlag
Kapring på ope hav
M 120 HØ, Delfin
Slutten av juli 1943
Ei litt spesiell episode skjedde siste dagane i juli 1943. Tre båtar frå Nerlandsøya låg ute på fiskefeltet og fiska då det dukka opp nokre norske MT-båtar.
Den eine av fiskebåtane, «Storegg», hadde radiosendar og dette gjorde det vanskeleg for mannskapa på MT-båtane å berre dra vidare. Etter noko diskusjon vart resultatet at dei tre fiskebåtane vart tatt med over til Shetland.
Saman med båtane var det 14 menn frå Nerlandsøya, 2 frå Flåvær og ein frå Frøya som reiste. På Shetland vart mannskapa rekruttert til Den norske marinen og dei gjorde teneste der resten av krigen.
M 120 HØ, “Delfin” ved verkstaden til Brødrene Nerem i Fosnavåg . Bilete er mest truleg frå 1926.
M 120 HØ, “Delfin”
Mathias H. Myklebust kjøpte kutteren “Erkna” i slutten av 1939. Skuta hadde skrog av stål og var heile 73 fot. Våren 1940 bestemte han seg for å sette inn ein ny motor og arbeidet vart utført på Hatlø-verkstaden i Ulsteinvik. I fylgje Rabben sine opplysningar var båten framleis på verkstaden hausten 1940 då den vart stjålen av ei gruppe som måtte over til England. M